Linda Stahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Linda Stahl
Osaka07 D5M Linda Stahl.jpg
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 2. oktober 1985
Steinheim
Idrett friidrett
Yrke spydkaster, friidrettsutøvar

Linda Stahl (fødd 2. oktober 1985) er ein tysk friidrettsutøvar frå Steinheim som tevlar i spydkasting. Ho vart europameister i øvinga i 2010 og har elles vunne ein OL-bronse, to EM-bronsar og eitt EM-sølv i øvinga i tida 2012-16.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Linda Stahl i 2011

Stahl vart nummer 10 med 61,04 m i sin meisterskapsdebut i VM 2007 i Osaka. I 2008-sesongen kasta 66,06 m, men for seint til å få vere med til sommar-OL i Beijing. Året etter kom ho på sjetteplass under VM i friidrett 2009 på tysk heimebane i Berlin, hennar lengste finalekast målte 63,23 m.

I europameisterskapen 2010 i Barcelona smelte Stahl i femte omgang til med personleg rekord på 66,81 meter. Dermed tok ho over leiinga i tevlinga frå landskvinna Christina Obergföll, som ikkje makta svare og såleis enda på sølvplassen med 65,58 m. Stahl kvalifiserte seg til spydfinalen i friidretts-VM 2011, grunna skade deltok ho ikkje i finalen.

Både frå friidretts-EM og sommar-OL i 2012 fekk Stahl bronsemedaljar med heim. I Helsingfors-EM kasta ho spydet 63,69 m, i London-OL måtte ho opp i 64,91 m for å sikre seg medalje. Stahl kasta så som lengst 64,78 m under VM i friidrett 2013 i Moskva. Dermed enda ho opp som nummer fire, 31 cm bak bronsevinnaren Marija Abakumova frå Russland. Året etter tok Stahl si tredje internasjonale bronsemedalje då ho fekk notert 63,91 m i EM i friidrett 2014 i Zürich. Under europameisterskapen 2016 i Amsterdam oppnådde ho 65,25 m, og fekk med det sølvmedaljen i øvinga, vel meteren bak Tatsjana Khaladovitsj frå Kviterussland.

Stahl er tysk meister i spydkasting i 2013 og 2014.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]