Linda Thompson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Linda Thompson
Fødd23. august 1947 (72 år)
FødestadLondon
FødenamnLinda Pettifer
AliasLinda Peters
OpphavHackney i London i England
Aktiv1966 til i dag
SjangerBritisk folkrock
Tilknytte artistarRichard Thompson, Teddy Thompson, Kamila Thompson, The Bunch
PlateselskapIsland Records
Verka somMusikar
Gift medRichard Thompson

Linda Thompson (fødd 23. august 1947 som Linda Pettifer) er ein engelsk folkrock-songar.

Thompson vart eit av dei fremste namna i britisk folkrock i 1970- og 1980-åra i samarbeid med den tidlegare ektemannen hennar og gitaristen Richard Thompson, og seinare som soloartist.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Som Linda Peters fekk ho debuten sin som eine halvdelen av Paul & Linda i 1968. Duoen, som bestod av ho og songaren Paul McNeill, spelte inn to singlar, den eine ein coverversjon av Bob Dylan sin »You Ain't Goin' Nowhere» for MGM i Storbritannia. Ho var så studiomusikarar og song på reklamejinglar og arbeidde i viseklubbar i London, då ho i 1972 slo seg saman med venen Sandy Denny og andre folk knytte til det britiske folkrockmiljøet og spelte inn Rock On, ei samling tidlege rock & roll-songar, under namnet the Bunch. Ho song på King-Goffin-klassikaren «The Loco-Motion» og ein vakker duett med Denny på Phil Everly sin «When Will I Be Loved».

Peters møtte Fairport Convention-gitaristen og låtskrivaren Richard Thompson i 1969, men arbeidde ikkje med han før i 1972, då dei spelte i lag på Rock On og året etter på solodebutplata til Richard, Henry the Human Fly. Same året gifta Richard og Linda seg og i 1974 spelte dei inn I Want to See the Bright Lights Tonight som starta det musikalske samarbeidet deira som skulle vare nesten i ti år, og gje seks kritikarroste album. I løpet av denne tida markerte Linda seg som ei av dei fremste kvinnelege stemmene i popmusikken.[1] Det musikalske og personlege forholdet til Linda og Richard enda i 1982, samstundes med at albumet Shoot Out the Lights kom ut. Plata har blitt hylla som eit meisterverk og Linda Thompson vann fleire prisar det året som årets kvinnelege vokalist.[1] I 1982 la paret òg ut på den første og einaste turneen sin i USA.

Etter ekteskapet var over, spelte Linda i engelsk teater og turnerte med The Mysteries. Ho spelte i National Theatre-produksjonen av Don Quixote, før ho fekk sin eigen kontrakt med Warner Bros. Records i 1985. Albumet One Clear Moment, produsert av Hugh Murphy (som produserte Gerry Rafferty), vart det einaste albumet hennar etter Richard Thompson. Hysterisk dysfoni, ein psykologisk tilstand som hindrar talelydar hadde plaga Thompson av og på gjennom karrieren hennar, og endra til slutt karrieren. Eit prosjekt seint i 1980-åra fo CBS, vart avbroten på grunn av dei vokale vanskane hennar, men eitt spor frå innspelinga, ei nyinnspeling av «Dimming of the Day», kom etter kvart ut på samlealbumet Dreams Fly Away i 1996.

Thompson trekte seg attende frå musikkindustrien og dreiv ein antikk gullsmedbutikk i London, og vart ein suksessrik låtskrivar, hovudsakleg i samarbeid med Betsy Cook. Deira «Telling Me Lies», som vart spelt inn for albumet Trio med Dolly Parton, Linda Ronstadt og Emmylou Harris, gav paret ein Grammy-nominasjon i 1987 for årets countrysong. Thompson kom attende i 2002 med Fashionably Late, det første albumet hennar på 17 år. Ei ny plate, Versatile Heart, kom i 2007. I oktober 2013 kom Won't Be Long Now. Med seg på albumet har ho korvokal frå Teddy Thompson og systrene hans, i tillegg til gitar av Richard Thompson.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Richard and Linda Thompson

Richard and Linda Thompson (live)

  • In Concert 1975 (ikkje gjeve ut før 2007)

Soloalbum

  • One Clear Moment (1985)
  • Fashionably Late (2002)
  • Versatile Heart (2007)
  • Won't Be Long Now (2013) – UK No. 76[2]

Solosamlingar

  • Dreams Fly Away (1996)
  • Give Me a Sad Song (2001)

Singlar – Richard and Linda Thompson

  • «I Want to See the Bright Lights Tonight» / «When I Get to the Border» (1974)
  • «Hokey Pokey» / «I'll Regret It in the Morning» (1975)
  • «Don't Let a Thief Steal into Your Heart» / «First Light» (1978)
  • «Georgie on a Spree» / «Civilisation» (1979)
  • «Don't Renege on Our Love» / «Living in Luxury» (1982)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Allmusic
  2. «Official Album Chart UK Top 100 – 26th October 2013». Official Charts Company. Arkivert frå originalen 20 October 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]