Lindehaugjen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lindehaugjen er ein springar som er spela på Voss, men som og er kjend i Telemark frå gamalt. Dette lyt reknast som ein vandreslått på grunn av det innsamla tilfanget, men ein vandreslått av ein særskild type: det er ikkje råd i dette tilfellet å finne det opphavlege området for slåtten. Namnet Lindehaugjen høyrer heime på Voss, og er ein plass på vegen mellom Vossevangen og Bulken. Det var Halldor Meland som sette dette namnet på slåtten.

Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]

Gruppa har nr 472 i hardingfeleverket, band VI. Her er det samla fem variantar av slåtten, to frå Voss og tre frå Telemark. På Voss har slåtten vore spela i tradisjon etter Nils Gjerde eller Gjerdeguten.

  • d: Springar, etter Halvard J. Li, Bø i Telemark. Nordbø 124. Eivind Groven skreiv ut slåtten for Hardingfele etter manuskriptet til Gregar Nordbø (Slåttar og folketonar frå Bø).
  • e: Den runde slåtten, etter Torkjell Haugerud, Bø i Telemark. Nedskrift Eivind Groven 1961 (G 1363, NRK magn. 595). Slåtten har dette namnet av di det er som han går i ring utan tydeleg slutt.

.