Lindeslørsopp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lindeslørsopp
Lindeslørsopp
Lindeslørsopp
Status
Status i verda: EN Sterkt truga
Status i Noreg: EN Sterkt truga[1]
Systematikk
Rike: Soppriket Fungi
Underrekkje: Hymeniesoppar Agaricomycotina
Klasse: Ekte hymeniesoppar Agaricomycetes
Underklasse: Agaricomycetidae
Orden: Skivesoppordenen Agaricales
Familie: Cortinariaceae
Slekt: Slørsoppar Cortinarius
Art: Lindeslørsopp C. tiliae
Vitskapleg namn
Cortinarius tiliae

Lindeslørsopp (Cortinarius tiliae) er ein truga soppart frå Noreg. Han høyrer til slekta slørsoppar (Cortinarius). Soppen er endemisk til oslofjordområdet,[2][3] det vil seia at han berre finst der. Soppen er rekna som sterkt truga i Noreg.[1]

Soppen veks typisk i kalklindeskog, som er ein verna habitattype i Noreg. Han dannar ein sopprotsymbiose med lind.[1]

Ein reknar med at dagens førekomst er ein rest (relikt) etter eit større utbreiingsområde frå varmetida kjend som subboreal tid, då det vaks mykje meir lind i Skandinavia. Ein kjenner til 8 stader der arten veks, og reknar med at det finst rundt 500 individ av denne soppen.[4]

Raudlistevurdering[endre | endre wikiteksten]

Lindeslørsopp er vurdert som sterkt trua EN, fordi arten har ein (særs) liten populasjonsstorleik, kombinert med små og isolerte, kraftig fragmenterte delpopulasjonar, og pågåande tilbakegang.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Brandrud TE, Bendiksen E, Blaalid R, Hofton TH, Jordal JB, Nordén J, Nordén B og Wollan AK (24. november 2021). «Sopper: Vurdering av lindeslørsopp Cortinarius tiliae for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 11. mars 2022. 
  2. Egil Bendiksen; Kristina Bjureke; Odd E. Stabbetorp; Tor Erik Brandrud; Anders Often, «Naturverdier på Bygdøy», NINA Rapport (77) 
  3. Kalklindeskog (PDF), Fylkesmannen i Oslo og Akershus, 2011 
  4. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 11. mars 2022. Henta 11. mars 2022.