Lindisfarne kloster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ruinane av Lindisfarne kloster.

Lindisfarne kloster var eit kloster som låg på den britiske øya Lindisfarne frå rundt 635 til klostervesenet blei oppheva i England i 1536. Klosteret blei grunnlagd av heilage Aidan, ein biskop av irsk opphav som er kjend som «Northumbrias apostel», på oppdrag av kong Oswald av Northumbria. Det var ein viktig valfartsstad som var knytt til helgenane Aidan og Cuthbert og Lindisfarne-evangeliet. Øya Lindisfarne vert no ofte berre kalla Holy Island.[1]

Klosteret var åstaden for det første kjende landfallet til vikingar, i 793. Frå 875 til 1093 låg det øyde på grunn av vikingåtak. Klosteret ligg i dag i ruinar som vert tekne vare på av English Heritage.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ruinane av Lindisfarne kloster måla av Thomas Girtin i 1798.

Lindisfarne kloster blei grunnlagd 635 av irske munkar frå Iona.[3] Dei var inviterte av kong Osvald av Northumbria for å omvenda folket hans til kristendommen.[4] Heilage Aidan og ei gruppe munkar han leidde blei gjevne Lindisfarne, som blei staden for eit kloster og eit bispesete.[5] Klosteret var plassert rundt ei mil nord for Bamburgh, der eit av kongsslotta til herskarane av Northumbria låg. Nærleiken til kongane gjorde at det kunne få stor påverknad og rikdom.[5] Det danna etterkvart dotterkloster i Melrose, Jedburgh, Hartlepool, Lichfield og Bradwell-on-Sea heilt sør i Essex.[3]

Heilage Cuthbert var ved klosteret frå 670-talet, og leia det dei to siste åra av livet sitt, frå 685 til 687. Han var kjend for det fromme eremittlivet han levde på mindre øyar utanfor Lindisfarne. På Cuthbert si tid gjekk klosteret over frå den irske kristendommen til den romersk-katolske, slik det var blitt avgjort ved kyrkjemøtet i Whitby i 663.[5] Under Cuthbert blei klosteret gjeve landeigedommar frå York til Abercorn.[6] Fleire northumbriske adelege budde ved klosteret til ulike tider - kong Ceolwulf, Wilfrid og Benedict Biscop.[7]

8. juni 793 fann det første større og dokumenterte vikingåtaket i Europa stad på Lindisfarne kloster.[5] Åtaket blei skildra på ein biletstein kjend som Domesday stone,[8] og i Den angelsaksiske krønika versjon D og E:

Her wæron reðe forebecna cumene ofer Norðhymbra land, ⁊ þæt folc earmlic bregdon, þæt wæron ormete þodenas ⁊ ligrescas, ⁊ fyrenne dracan wæron gesewene on þam lifte fleogende. Þam tacnum sona fyligde mycel hunger, ⁊ litel æfter þam, þæs ilcan geares on .vi. Idus Ianuarii, earmlice hæþenra manna hergunc adilegode Godes cyrican in Lindisfarnaee þurh hreaflac ⁊ mansliht.[9]
Engelsk omsetjing: In this year fierce, foreboding omens came over the land of the Northumbrians, and the wretched people shook; there were excessive whirlwinds, lightning, and fiery dragons were seen flying in the sky. These signs were followed by great famine, and a little after those, that same year on 6th ides of January, the ravaging of wretched heathen men destroyed God's church at Lindisfarne.

Hendinga blei også omtalt av Alcuin, ein northumbrisk lærd ved hoffet til Karl den store.[8]

Munkane forlét klosteret i 840-åra, og tok med seg relikviane av Cuthbert, ein kross til mine om biskop Aethilwald og ei tidleg trekyrkje.[10] Dei slo seg til slutt ned i Durham. Lindisfarne blei verande eit valfartsmål.[11] Lindisfarne-evangelia blei laga her kring 715-720.[3] Eadfrith fekk produsert ei livssoge om heilage Cuthbert, først av ein munk ved klosteret og seinare av Beda i Jarrow/Wearmouth-klosteret. Han bygde opp ein kultus rundt heilage Cuthbert.[12]

Klosterruinane og kyrkja St Mary the Virgin.

På slutten av 1000-talet slo benediktinarmunkar seg igjen ned på Lindisfarne, og bygde ei stor kyrkje og eit kloster. Desse er det framleis ruinar av på øya.[13]

Klosteret blei oppløyst i 1537 i samband med den engelske reformasjonen, då klostersystemet blei avskaffa under Henrik VIII.[14]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Brown 2003, s. 6.
  2. «Lindisfarne Priory», English Heritage, henta 13. desember 2018 
  3. 3,0 3,1 3,2 Brown 2003, s. 4.
  4. Brown 2003, s. 7.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 «History of Lindisfarne Priory». English Heritage. 
  6. Brown 2003, s. 16.
  7. Brown 2003, s. 9.
  8. 8,0 8,1 «The Viking Raid on Lindisfarne», English Heritage, henta 13. desember 2018 
  9. Jebson 2007, entry for 793.
  10. Brown 2003, s. 12.
  11. Brown 2003, s. 13.
  12. Brown 2003, s. 10.
  13. Margaret Gallyon (1977). The Early Church in Northumbria. The Lavenham Press. s. 34. 
  14. «Lindisfarne Priory - United Kingdom». Trip Historic. Henta 27. juni 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]