Ray Jackson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lindsay Raymond Jackson)
Ray Jackson
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 12. desember 1948 (75 år)
Yrke mandolinspelar, kunstmålar, låtskrivar
Språk engelsk

Lindsay Raymond «Ray» Jackson (fødd 12. desember 1948 i Wallsend i Northumberland) er ein mandolin- og munnspelspelar. Han var medlem og solovokalist i lag med Alan Hull i folkrockgruppa Lindisfarne frå dei vart skipa i 1970 til han slutta i 1990.

Jackson designa logoen og omslaget på debutplata til Lindisfarne, Nicely Out of Tune. I tillegg til Lindisfarne spelte han òg mandolin på Rod Stewart-albuma Every Picture Tells a Story (1971), Never a Dull Moment (1972), and Smiler (1974). Han spelar mellom anna på songane «Maggie May», «Mandolin Wind» og «Farewell». Stewart gløymde kva han heitte då namnet hans skulle setjast på plateomslaget til Every Picture Tells a Story, og det stod berre: «Mandolinen vart spelt av mandolinisten i Lindisfarne. Eg har gløymt namnet.»

Jackson truga med søksmål mot Stewart i 2003 og hevda at han burde bli kreditert for å ha vore med å skrive «Maggie May» i lag med Stewart og gitaristen Martin Quittenton fordi han skreiv hovudtemaet i songen. Ein talsmann for Stewart avskreiv kravet som «latterleg».[1]

Jackson spelte òg mandolin på debutalbumet til Chris de Burgh, Far Beyond These Castle Walls.

Då Lindisfarne vart oppløyst i 1975 la Jackson ut på ein solokarriere og fekk kontrakt hos EMI. Same året skipa han Harcourt's Heroes med songaren og gitaristen Charlie Harcourt. I 1976 kom den originale besetninga i Lindisfarne attende att. Innan midten av 1980-åra hadde ikkje Lindisfarne same suksessen dei hadde hatt og etter ein krangel mellom Jackson og bandet, trekte Jackson seg attende og spelte ikkje med bandet igjen dei neste 15 åra, før han spelte med dei på ein minnekonsert for Alan Hull i Newcastle City Hall 2005.

I seinare år skipa Jackson bandet Gathering – Legends of Folk Rock med Jerry Donahue, Clive Bunker, Rick Kemp, Doug Morter og Kristina Donahue.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Rod faces Maggie May action», BBC News, 5. mars 2003
  2. Gathering – Legends of Folk Rock website, henta 21. april 2009