Lindsayskjeret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lindsayskjeret
rev
Land  Bouvetøya
Koordinatar 54°25′18″S 3°26′09″E / 54.421568°S 3.435969°E / -54.421568; 3.435969
Kart
Lindsayskjeret
54°26′00″S 3°29′00″E / 54.4333°S 3.48333°E / -54.4333; 3.48333

Lindsayskjeret er eit rev som ligg like aust for Kapp Meteor på austsida av Bouvetøya. Det vart først kartlagd i 1898 av den tyske ekspedisjonen under Carl Chun. Det vart kartlagd på ny i desember 1927 av ein norsk ekspedisjon under kaptein Harald Horntvedt. Det vart namngjeve av dei etter kaptein James Lindsay, ein britisk kvalfangar som var kaptein på «Swan» som i lag med Thomas Hopper på «Otter», såg Bouvetøya i 1808.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Lindsay Reef» (innhald frå Geographic Names Information System).