Lindsey Vonn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lindsey Vonn
2017 Audi FIS Ski Weltcup Garmisch-Partenkirchen Damen - Lindsey Vonn - by 2eight - 8SC8048.jpg
Fødd 18. oktober 1984
Saint Paul i Minnesota
Yrke alpinist
Lindsey Vonn på Commons
Lindsey Vonn i 2010

Lindsey Caroline Vonn (fødd Kildow18. oktober 1984) er ein USA-amerikansk tidlegare alpinist frå Saint Paul i delstaten Minnesota. Ho vann verdscupen i alpine greiner i 2008, 2009, 2010 og 2012 og vann to VM-gull i 2009 og eitt OL-gull i 2010. I alt tok ho sju medaljar i verdsmeisterskapane 2007-11 og OL 2010. Vonn har 59 rennsigrar i verdscupen, austerrikske Annemarie Moser-Pröll med 62 sigrar er den einaste kvinna med fleire topplasseringar i den alpine verdscupen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

17 år gamle Lindsey Kildow deltok i dei olympiske leikane 2002 i Salt Lake City, og vart som best nummer seks i kombinasjonen. Ho fekk sin fyrste verdscupsiger den 3. desember 2004, då ho vann eit utforrenn i Lake Louise i Canada. Seinare i same sesongen kom ho på fjerdeplassen i både utfor og kombinasjon under VM i alpine greiner 2005 i Santa Caterina i Italia.

Under utfor-treninga ved Vinter-OL 2006 i Torino rende ho ut av løypa og vart frakta til sjukehus med helikopter. Trass i ei skadd hofte stilte ho i utfortevlinga, der ho enda på åttandeplassen. I VM i alpine greiner 2007 i Åre vann Kildow sølvmedaljar i både super-G og utfor, begge gongane bak arrangørlandets Anja Pärson.

Sesongane 2008-10 var Lindsey Vonn verdas beste kvinnelege alpinist. Desse tre sesongane vann ho i alt 26 renn i verdscupen, mellom dei to slalåmrenn i 2008/09-sesongen, dei to einaste sigrane ho har i den greina. I VM i alpine greiner 2009 i Val-d’Isère sikra ho seg gullmedaljane i både utfor og super-G. Også under Vinter-OL 2010 vann ho gullmedaljen i utfor, medan ho hamna på bronseplassen i super-G.

I 2011 var Vonn svært bær ved å vinne sin fjerde strake alpine verdscup, men sterke 1725 poeng vart tre poeng for lite mot hennar argaste konkurrent frå dei to føregåande sesongane, Maria Riesch frå Tyskland. Og under verdsmeisterskapen 2011 i Riesch sin heimby, Garmisch-Partenkirchen, måtte Vonn nøye seg med ei einsleg sølvmedalje frå utforrennet.

Poengmessig gjorde Vonn sin beste sesong i 2012. Med heile 1980 poeng i verdscupen var ho eit hav framom den nest beste kvinna, Tina Maze frå Slovenia, som stoppa på 1402 poeng. Vonn vann heile 12 renn i verdscupen 2012, mellom anna sine to fyrste verdscupsigrar i storslalåm. Dermed vart ho ein av dei få kvinnelege alpinistane som har vunne renn i samtlege fem greiner i verdscupen.

Den 26. mars 2013 klatra Vonn til topps på sigerspallen for 59. gong etter eit verdscuprenn. I Maribor i Slovenia vann ho då sitt tredje storslalåmrenn i verdscupen. 29 av sigrane i verdscupen har kome i utfor, 20 i super-G.

I VM i alpine greiner 2013 i Schladming fall Vonn i super-G-rennet og braut både eit bein og skadde eit kne som spolerte resten av sesongen. Ho hadde likevel nok poeng til å vinne FIS-pokalen som beste utforennar for sjette sesong på rad, 2008-13. FIS-pokalen i super-G vann ho fire år på rad, 2009-12.

Vonn la opp etter verdsmeisterskapen 2019 i Åre.

Ho var gift 2007-13 med den USA-amerikanske alpinisten Thomas Vonn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar