Lindy Remigino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lindy Remigino
Fødd 3. juni 1931
Queens
Død

11. juli 2018
Newington

Yrke sprinter, friidrettsutøvar

Lindy John Remigino (3.juni 193111. juli 2018) var ein USA-amerikansk sprintar frå New York City som i 1952 vart olympisk meister på 100 meter, i tillegg var han med å vinne 4 x 100 m stafett i dei same leikane.

Remigino vart andremann på 100 m ved det nasjonale OL-uttaket i 1952, bak Art Bragg. Bragg vart skadd i Helsinki og nådde ikkje OL-finalen. I sjølve finalen tok australiaren John Treloar leiinga ut frå start, med Remigino og fleire andre like bak, Jamaicas Herb McKenley låg bakarst. 20 meter før mål leia Remigino klart. I ekstase over å sjå målsnora nærme seg, bikka han kroppen framover og farta hans minka. McKenley kom kvikt på slutten og då løparane braut målsnora visste ingen sikkert kven som vann. Funksjonærane vart samde om tildele gullmedaljen til Remigino. Målgangen i løpet var ein av dei tettaste i OL-soga, dei fire fremste fekk same tid, 10,4 sekundar, dei to andre 10,5. Den 27. juli, seks dagar etter 100-meterfinalen, sprang Remigino ein av etappane for det US-amerikanske laget som vann den korte stafetten, dei andre i gullkvartetten var Harrison Dillard, Dean Smith og Andy Stanfield.

Berre fire dagar etter stafettriumfen,den 31. juli 1952, fekk Remigino notert 10,2 sekundar då han vann 100 m i eit stemne på Bislett stadion i Oslo. Tida ville vore tangering av verdsrekorden, men ein vindmålar i dårleg stand skal ha vist 2,8 sekundmeter medvind og tida vart aldri rekord-godkjend. Seinare den sommaren i Europa vann Remigino fleire gongar mot McKenley på 100 m, medan McKenley slo Remigino ein gong i eit 200-meterløp.

Remigino vart i 1955 nummer to etter Bobby Morrow på 100 meter i den USA-amerikanske meisterskapen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]