Linerle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Linerla)
Linerle
Linerle
Linerle
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigHekkeutbreiing
Hekkeutbreiing
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Passeroidea
Familie: Erlefamilien Motacillidae
Slekt: Erler Motacilla
Art: Linerle M. alba
Vitskapleg namn
Motacilla alba

Linerle (Motacilla alba) er ein fugl i slekta erler i familien erler og piplerker med grå eller linblå rygg - difor namnet - lyst bryst og svart på hovudet. Fuglen likar seg nær menneske og finst i heile landet. Han er ein trekkfugl som kjem til Noreg i marsapril.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Linerla sitt utbreiingsområde:
Gult: Hekkeområde (sommartid)
Grønt: Førekomst året rundt
Blått: Vinterkvarter

Linerla hekkar i mesteparten av Eurasia så langt som til 75°N, sporadisk på Aust-Grønland, og manglar berre i ørkenar og i arktiske område der isotermen i juli går under 4 °C. Fuglen hekkar også i fjelltrakter i Marokko og det vestlege Alaska.

Linerla er standfugl i dei mildare delane av utbreiingsområdet, som i Vest-Europa og Middelhavsområdet, og trekkfugl i storparten av utbreiingsområdet. Hekkepopulasjonen i det nordlege Europa overvintrar rundt om Middelhavet og i tropisk og subtropisk Afrika og dei asiatiske populasjonane overvintrar i Midtausten, India og Søraust-Asia. Også dei nordamerikanske hekkefuglane overvintrar i tropisk Asia.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Linerla er ein av alle dei artane som Carl von Linné var først med å beskrive taksonomisk i det tiande opplaget av verket Systema Naturae, og arten har framleis same vitskaplege namn: Motacilla alba. Slektsnamnet er latin, men har ei uklar tyding. Artsnamnet alba er latin for kvit.

Linerla sine næraste slektningar i erleslekta Motacilla verkar å vere andre svartkvite erler som japanerle (Motacilla grandis), skjorerle (Motacilla madaraspatensis) og mekongerle (Motacilla samveasnae) der den siste tidlegare er handsama som underart til linerla. Data frå ein DNA-studie (Voelker, 2002) indikerer at linerla som art er polyfyletisk eller parafyletisk. Andre fylogenetiske studier som grunnar seg på mtDNA indikerer i staden at det er mykje genetisk fellesskap mellom underartane, noko som gir grunn for å beskrive komplekset som ein art.

Underartar[endre | endre wikiteksten]

Hekkeområda for linerla sine underartar.

Linerla vert ofte delt i om lag ti takson med dei seks underartsgruppene alba, yarrellii, subpersonata, personata, lugens og alboides, der underartsgruppa alba omfattar flest underartar. alba-gruppa

yarrellii-gruppa

supersonata-gruppa

  • M. a. subpersonata (Meade-Waldo, 1901) - hekkar i Marokko.

personata-gruppa

  • M. a. personata (Gould, 1861) - hekkar i det sentrale Sibir, frå 58° nordleg breidde i regionen kring Jenisej og aust til 100° austleg breidde, i det nordvestre Mongolia, Xinjiang, austre Kasakhstan, Kirgisistan, Usbekistan, Turkmenistan, Tadsjikistan, Afghanistan og det nordaustre Iran.
  • M. a. persica (Blanford, 1876) - hekkar i det vestre og sørvestre Iran.

lugens-gruppa

alboides-gruppa

Somme studier foreslår at det berre eksisterer to underartsgrupper: alboides-gruppa, med M. a. alboides, M. a. leucopsis og M. a. personata; og alba-gruppa, med M. a. alba, M. a. yarrellii, M. a. baicalensis, M. a. ocularis, M. a. lugens og M. a. subpersonata.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Eit typisk trekk hos linerla er den stendige vippinga med stjerten. Årsaka til denne åtferda er ikkje fastslegen. Forslag går ut på at vippinga skræmer opp insekt, eller at det gir signal til artsfrendar. Nyare studiar har gitt grunn til eit anna forslag: Det skal signalisere vaktsemd mot predatorar. Eit anna typisk trekk hos arten er at fuglane er trufaste mot både sommar- og vinterkvartera og vender attende ved same tidspunkt år etter år.

Biotop[endre | endre wikiteksten]

Linerlene lever i ei mengd ulike biotopar, men vel helst opne stader, ofte i nærleiken av busetnad og vatn. Dei lever ikkje i ørkenar, men både i Marokko og det vestre Alaska hekkar dei i fjelltrakter. Fuglane vil helst ha snaue markar å leite mat på. I urbane miljø finn dei mat på grasplenar, asfalt og anna passande grunn. Om vårane er dei ofte å sjå på åkrar.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Linerla er monogam og forsvarar territorium. Begge kjønna bygger reiret. Hannen startar bygginga, og hoa gjer reiret ferdig. Det skålforma reiret er lettvint bygd og sett saman av kvist, gras, blad og anna plantematerial, og også hår frå dyr. Reiret vert plassert i ei sprekk eller eit hol, tradisjonelt i ei elvebreidd eller liknande, men linerla tilpassar seg og plasserer også reiret i hol i murar, bruer, brygger, under takpanner og andre bygningar, og i blant på meir uvanlege stader. Hoa legg 3-8 egg, oftast 4-6. Egga er kremfarga, ofte med lett blågrøn eller turkis nyanse, og kraftig flekkete i raudbrunt. Egga måler i gjennomsnitt 21x15mm. Begge foreldra rugar, men hoa rugar ein større del av tida og fast om natta. Egga vert klekte etter 12 dagar, men i blant så seint som etter 16 dagar. Begge foreldra tek hand om ungane til dei er flygedyktige etter cirka 14 dagar, og etter det held dei fram og matar ungane i enda ei veke. Linerlene kan verte utsett for reirparasittisme frå gauken, men oftast skyr dei reiret om dei vert utsette for dette. Teorien er at linerla er for lita til å ta ut gaukegget og for kortnebba til å øydelegge det, noko som gjer at dei i staden rømer reiret.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Hovudføda består av insekt, først og fremst fluger og andre tovenger, saman med biller og augnestikkarar. Elles et linerlene små sniglar, mark og krepsdyr og larver. Linerlene er uvanlege i den forstand at dei et insekt året rundt også der dei er standfuglar. Ved ringmerking har ein funne at ho kan verte over seks år gamal.[1]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk RingmerkingsAtlas

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Linerle