Lingchi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk


Illustrasjon av lingchi utført mot ein fransk misjonær, frå Le Monde illustré, 1858.

Lingchi (kinesisk 凌遲, pinyin: Língchí, audmjukande og langsamt), i den vestlege verda gjerne omtalt som dei tusen kutts død, var ein kinesisk torturprega henrettesesmetode kjent sidan 900-talet og som tidvis vart nytta i Kina til den vart avskaffa frå straffeloven i 1905.

Straffa, som nok var reservert til berre dei aller vondaste lovbrot, innebar at den dømde, levande eller død, vart langsamt skåra i, @og til slutt delt i små bitar. Lovbøkene skildrar ikkje framgangsmåten i detalj, og utføring varierte dermed. Nokre keisarar forlangte at den straffedømde skulle leva i tre dagar etter at prosessen vart påbyrja; det var òg tidvis eit mål at han skulle levande oppleva heile amputeringar. Det er likevel òg kjent at det var vanleg å gje bedøvande stoff i forkant, og at det ikkje var uvanleg at den dømde eller hans vener bestakk torturbøddelen for å sørgja for at eit døyeleg stikk i hjartet vart tilført fyrst, eller tidleg, i prosessen.

Lingchi-tortur i Beijing ca. 1910 (avrettingmetoden var då ulovleg).

Det finst fotografi (t.v.) frå den siste lovleg utførde lingchi, den 9. april 1905. Det var Fu Zhu Li (gammal romanisering: Fou-chou-li), ein vakt i den mongolske prinsen, Ao-Han-Quans teneste, som vart avretta fordi han til nyttårsfesten i februar hadde drepe sin herre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Jérôme Bourgeon: Abolishing 'Cruel Punishments': A Reappraisal of the Chinese Roots and Long-Term Efficiency of the in Legal Reform, i Modern Asian Studies 37, nr. 4 (2003): 851-62.
  • Jerome Bourgon, Supplices chinois, Bruxelles: La maison d'à côté
  • Timothy Brook, Jérôme Bourgon, Gregory Blue: Death by a Thousand Cuts, Harvard University Press, 2008 Death by a Thousand Cuts