Lingvistkrinsen i Praha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nikolaj S. Trubetzkoy (1890-1938)

Lingvistkrinsen i Praha (fransk Cercle linguistique de Prague, tsjekkisk Pražský lingvistický kroužek)[1] blei skipa i 1926, og mellom grunnleggjarane var tsjekkarane Vilém Mathesius og Jan Mukarovský og russarane Nikolaj S. Trubetzkoy, Roman Jakobson og Sergej Karcevskij. Dei bygde vidare på hovudideane frå Kazan'-skulen og Ferdinand de Saussure, slikt dei er framstilte ovanfor . Glansperioden for krinsen var tida fram til 2. verdskrigen. Det fonologiske hovudverket frå denne perioden er Grundzüge der Phonologie av Nikolaj S. Trubetzkoy; boka kom ut posthumt i 1939.[2]<br\>

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jamfør heimesida til denne krinsen: http://www.praguelinguistics.org/
  2. N. S. Trubetzkoy 1939. Grundzüge der Phonologie. (Cercle linguistique de Prague 7.) Prague : Le Cercle. Seinare opplag utgjevne av Vandenhoeck & Ruprecht, Göttingen.