Linjefart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Linjefart er ei form for skipsfart der skip følgjer ei fast rute mellom ulike hamner.[1]

Til den tidlege linjefarten høyrde atlanterhavskryssarane. I dag er det danske reiarlagkonsernet A.P. Møller-Mærsk den største aktøren med containerskip i linjefart. Det norske reiarlaget Wilh. Wilhelmsen er ein av dei største aktørane i verda med bilskip i linjefart.

Det motsette av linjefart er lausfart eller trampfart.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «linjefart». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 28. september 2014.