Link

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Storehogen sogndal.jpg

Ein link er ein sendar + mottakar som vidaresender eit signal han har motteke til eit nytt område.

Ein kald link er av dei enklaste formene av link. Enkelt forklart er det 2 retningsverkande antenner som peikar i kvar sin retning samankopla med ein koakskabel, for å motta eit signal i den eine antenna og vidaresende det i den andre (ein slik link vert ofte kalla ein spegel).

Ein TV-omformar er ein linkstasjon som mottek eit radiosignal frå ein annan fjernsynsomformar eller fjernsynssendar, til dømes på kanal 7 og vidaresender det til dømes på kanal 9. Ein slik linktype vert definert som simpleks.

Kommunikasjonssatellittar er den mest effektive linken som finst. Den kan sende til dømes tv og radiokanalar til dei fleste husstandar i eit område større enn Europa ,med ei sendeeffekt på under 100 watt.

Bruk innan data[endre | endre wikiteksten]

Innan data vert link brukt i fleire samanhengar. Ein link som vidaresender internett og andre datanettverk blir difor her nesten alltid kalla ein radiolink. Ein slik link er halv eller full dupleks. Link blir òg brukt om ein peikar / kopling som vidaresender ein frå ei side på pcen til ei anna side eller fil, både lokalt og på internett. I HTML blir og orda link og hyperlink mykje brukt, men hyperkopling er nok rettare her.