Linnéa Myhre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Linnéa Myhre

Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. april 1990 (34 år)
Molde i Møre og Romsdal
Yrke skribent, podkastvert, bloggar
Ektefelle Emil Gukild
Linnéa Myhre på Commons

Linnéa Solli Myhre (fødd 16. april 1990 i Molde) er ein norsk forfattar og tidlegare skribent som hadde ein av dei mest lesne bloggane i Noreg.[1]

I 2011 vart Myhre kåra til «Norges mest sexy kvinne» av bladet MANN.[2] Same år vann ho prisen «Årets blogger» på både Vixen Blog Awards og Costume Awards.[3]

Saman med Andreas Øverland laga ho NRK-nettserien La Linnéa leve i 2011, der ho tar opp tema psykisk liding og korleis ho har levd med depresjon trass i langvarig psykologbehandling.[4] I 2012 vann serien prisen for «Beste web-TV-serie» under den årlege prisutdelinga til Mediebedriftenes landsforening.[4]

Myhre gav ut romanen Evig søndag i 2012.[5] Psykiske lidingar står sentralt i boka, noko som gjorde at Myhre fekk Tabuprisen av Rådet for psykisk helse same år.[5] I 2014 gav ho ut romanen Kjære.[6]

Skal vi danse[endre | endre wikiteksten]

I 2014 deltok ho i TV 2-programmet Skal vi danse, der ho dansa saman med Alexander Svanberg.[7] Dei enda på tredjeplass.[7] Året etter var ho med som gjestedommar under ein av sendingane.[8]

Melodi Grand Prix Junior 2002[endre | endre wikiteksten]

Som ein del av trioen Mabelin deltok Myhre i den fyrste utgåva av Melodi Grand Prix Junior i 2002 med «Det var en gang».[9] Bidraget enda på tiande- og sisteplass med ti poeng.[9] «Det var en gang» er med på albumet Melodi Grand Prix Junior 2002 som låg ti veker på VG-lista med #4 som beste plassering.[10]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Knapstad, Miriam Lund (31. oktober 2014). «Linnéa Myhre: «Det går til helvete. Vi kommer til å trenge flere psykologer, i hvert fall»». Aftenposten. Henta 12. januar 2016. 
  2. Kristvik, Elen (26. november 2011). «Linnéa Myhre er Norges mest sexy kvinne». Dagbladet. Henta 12. januar 2016. 
  3. Lunder, Martine (6. juli 2011). «Linnéa Myhre: - Jeg skal slutte å blogge». Verdens Gang. Henta 12. januar 2016. 
  4. 4,0 4,1 Arukwe, Adiele (10. mai 2012). ««La Linnéa Leve» vant pris». NRK P3. Henta 12. januar 2016. 
  5. 5,0 5,1 «Tabuprisen til Linnéa Myhre». Rådet for psykisk helse. 3. desember 2012. Henta 12. januar 2016. 
  6. Nilsen, Mari Nymoen (23. oktober 2014). «Bokanmeldelse: Linnéa Myhre: «Kjære»». Verdens Gang. Henta 12. januar 2016. 
  7. 7,0 7,1 Grøtte, Marit; Sandra Marie Kristiansen (8. november 2014). «Linnéas «Dirty Dancing» fikk dommerne til å gråte». TV 2. Henta 12. januar 2016. 
  8. Eriksen, Stine (9. oktober 2015). «Linnea Myhre stiller som dommer i Skal vi danse». TV 2. Henta 12. januar 2016. 
  9. 9,0 9,1 Adamsen, Knut Henning (29. mars 2012). «Se så søt surpompen var!». Her og Nå. Henta 12. januar 2016. 
  10. «Melodi Grand Prix Junior 2002». VG-lista. Henta 12. januar 2016.