Linn Jørum Sulland
Linn Jørum Sulland | |
![]() | |
Fødd | 15. juli 1984 (36 år) Oslo |
Yrke | handballspelar |
Linn Jørum Sulland på Commons |
Linn Jørum Sulland (fødd 15. juli 1984) er ein norsk handballspelar som har spela for Larvik Håndballklubb sidan 2009. Ho har vunne to EM-gull, eitt VM-gull og eitt OL-gull for Noreg, meisterligaen 2011 med Larvik HK, og tre serie- og tre cupmeisterskap med same klubben. Venstrehendte Sulland er høgre rykkrom-spelar. Perioden 2004-2018 deltok Sulland i 193 landskampar og skåra 579 mål for Noreg.
Handballspelaren Guri Jørum, er mor hennar, og fotballtrenaren Einar Jørum var morfaren hennar.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Sulland spela for Korsvoll til ho i 2001 melde overgang til toppserieklubben Stabæk. Ho var i 2005 toppskårar i den norske toppserien med 159 skåringar og vart kåra til årets spelar i Noreg. Sommaren 2009 gjekk ho over til Larvik HK, der ho vann tre seriegull i åra 2010-12, den europeiske meisterligaen 2011, og tre norske cupgull.
Sulland debuterte på det norske handballandslaget 26. mars 2004. Meisterskapsdebuten fekk ho i VM 2005, som enda med norsk niandeplass. Ho kom ikkje med til EM 2006, men året etter fekk ho plass i VM-troppen. Noreg vann sølv i Paris, men Sulland fekk ikkje spele finalekampen som enda med 24-29-tap for Russland. Ho var heimeverande reserve då Noreg vart olympiske meistrar under OL i Beijing. Same året, 2008, vart ho europameister med Noreg etter siger 31-24 over Spania.
Sulland fekk ikkje plass i VM-troppen 2009, og til handball-EM 2010 var ho heimeverande reserve i dei innleiande rundane. Etter rokeringar kom ho inn i troppen til semifinalen mot Danmark, og imponerte då dei danske kvinnene vart slått 29-19. Også i finalen spela ho godt, og var med å sikre norsk EM-gull med 25-20 over Sverige. I 2011 vart Sulland verdsmeister med Noreg, ho skåra fem av finalemåla då Frankrike vart slått 33-24 i Sao Paulo.
Under OL 2012 var Sulland den viktigaste angrepsspelaren for Noreg. I finalen imponerte ho stort og skåra ti av dei 26 måla då Noreg vann 26-23 over Montenegro.
Merittar landslag[endre | endre wikiteksten]
- VM 2005 – Nr 9
- VM 2007 – Sølv
- EM 2008 – Gull
- EM 2010 – Gull
- VM 2011 – Gull
- OL 2012 i London: Gull etter norsk siger 26-23 over Montenegro
- Handball-EM 2012: Sølvmedalje etter 31-34 mot Montenegro
- Handball-VM 2013: Nr 5 med Noreg
- Handball-VM 2015: Gullmedalje etter 31-23 over Nederland
- Handball-EM 2018: Nr 5 etter 38-29 mot Sverige
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Linn Jørum Sulland» frå Wikipedia på tysk, den 28. juli 2012.