Linnea Dale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Linnea Dale

Fødd22. april 1991
FødestadTinn i Telemark i Noreg
FødenamnLinnea Dale
OpphavNoreg
Aktiv2007–i dag
InstrumentVokal, piano
Tilknytte artistarDonkeyboy
Gift medThomas Aslaksen

Linnea Dale (fødd 22. april 1991) er ein norsk songar og låtskrivar frå Tinn.

Dale deltok i IdolTV 2 i 2007. I semifinalen 10. oktober song ho den sjølvkomponerte låta «What Do I Know About Love», og ho vart røysta ut frå tevlinga 16. november etter å ha sunge ein låt av a-ha, som var kveldens tema. I seinare tid har ho utmerkt seg som gjestevokalist på dei bestseljande singlane «Ambitions», Sometimes og Awake med musikkgruppa Donkeyboy.[1]

Den første soloplata hennar Lemoyne Street kom ut i april 2012, med produsenthjelp frå Øystein Greni og Nikolai Eilertsen frå BigBang. EP-en Children of the Sun blei lansert 27. januar 2012 og singelen And Then the Sun Comes Up kom 14. mars 2012.

Den andre soloplate Good Goodbyes kom ut i april 2014, med produsent og låtskrivarhjelp frå Paal Waaktaar og Kim Edward Bergseth. Dale tok del i Melodi Grand Prix 2014 med låta «High Hopes» frå albumet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]