Linnean Society of London

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Linnean Society)
Hopp til navigering Hopp til søk
Linnean Society of London
Burlington House (5125727595).jpg
Burlington House.
Skipa1788
HovudkontorBurlington House

Linneaen Society of London er eit vitskapleg selskap vigd studiar og formidling av naturhistorie, evolusjon og taksonomi. Det blei skipa i 1788, og er det eldste vitskaplege selskapet vigd biologi som framleis er verksamt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Statue av Linné ved Linneaen Society.

Selskapet blei stifta 18. mars 1788 av James Edward Smith, Samuel Goodenough og Thomas Marsham[1][2] og andre med interesse for naturhistorie, som botanikaren Joseph Banks. Det tok namn etter Carl von Linné. Det fyrste møtet blei halde 8. april same året. Smith blei vald til styrar for selskapet, ei stilling som han heldt på gjennom årlege omval heilt til han døydde i 1828. Selskapet fekk royal charter (kongeleg stadfesting) i 1802.

I 1791 byrja selskapet å gje ut Transactions of the Linneaen Society of London, som sidan har fortsett under ulike namn som Proceedings of the Linneaen Society of London og Journal of the Proceedings of the Linneaen Society. Sidan 1969 har det gjeve ut tre vitskaplege tidsskrift: Biological Journal of the Linneaen Society, Botanical Journal of the Linneaen Society og Zoological Journal of the Linneaen Society.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Biorgraphy of Sir James Edward Smith Arkivert 6. januar 2017 på Wayback Machine. på nettstaden til Linnean Society.
  2. Andrew Thomas Gage, William Thomas Stearn, 1988, A Bicentenary History of the Linnean Society of London, s. 6–11. ISBN 9780122731501.
  3. Linnean Society of London Arkivert 24. september 2015 på Wayback Machine. på Scholarly Societies Project.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Linnean Society of London