Svake substantiv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lint substantiv)
Hopp til navigering Hopp til søk

Svake substantiv (eller linne substantiv) er i germanske språk substantiv som i si opphavlege form enda på konsonanten –n. Alt i norrønt språk var denne konsonanten fallen bort, slik at dei svake substantiva i moderne norsk språk i ubunde eintal endar på ein trykklett vokal; oftast ein –e.

Norsk[endre | endre wikiteksten]

På moderne norsk, kan endingsvokalen skifte ved bøying av substantivet:

  • ein hane – hanen – hanar – hanane
  • ei høne – høna – høner – hønene
  • eit eple – eplet – eple – epla

Nokre svake substantiv kan ha avvikande bøygningsmønster:

  • ei furu – furua – furuer – furuene
  • (eller ei fure – fura – furer – furene, jamstilt form)
  • eit auga – auga – augo – augo
  • (eller eit auge – auget – auge – auga, jamstilt form)

Som auga går òg øyra og hjarta. I klassisk nynorsk følgde òg hyrna, noda, nykla, nyra, nysta, okla denne forma. I klassisk nynorsk, som i høgnorsk, er vokalvariasjonane større: Desse bøygningsmønstra var tillatne sideformer i nynorsk fram til 2012.

  • ei høna – høna - hønor – hønone
  • ei fura – fura – furor – furone
  • eit eple – eplet – eple – epli

Norrønt[endre | endre wikiteksten]

Hankjønn, granni (nabo)
ubunde eintal bunde eintal ubunde fleirtal bunde fleirtal
nom. granni granninn grannar grannarnir
gen. granna grannans granna grannanna
dat. granna grannans grǫnnum grǫnnunum
akk. granna grannann granna grannana
Hokjønn, aska (oske)
ubunde eintal bunde eintal ubunde fleirtal bunde fleirtal
nom. aska askan ǫskur ǫskurnar
gen. ǫsku ǫskunnar askna asknanna
dat. ǫsku ǫskunni ǫskum ǫskunum
akk. ǫsku ǫskuna ǫskur ǫskurnar
Hokjønn, gleði (glede)
ubunde bunde
nom. gleði gleðin
gen. gleði gleðinnar
dat. gleði gleðinni
akk. gleði gleðina
Inkjekjønn, auga (auge)
ubunde eintal bunde eintal ubunde fleirtal bunde fleirtal
nom. auga augat augu augun
gen. auga augans augna augnanna
dat. auga auganu augum augunum
akk. auga augat augu augun

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg:[endre | endre wikiteksten]