Linton Kwesi Johnson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Linton Kwesi Johnson
Linton Kwesi Johnson (1756331326).jpg
Fødd 24. august 1952 (67 år)
Chapelton
Yrke songar, lyrikar, skribent
Sjanger dub-poesi
Linton Kwesi Johnson på Commons

Linton Kwesi Johnson, også kjend som LKJ (fødd 24. august 1952), er ein jamaicansk-britisk dub-poet som har utvikla og dyrka denne dikt- og musikkforma både i Storbritannia og Karibia. I framføringane sine les han opp dikta sine i jamaicansk patwa over dub-reggae, vanlegvis skrive i samarbeid med reggaeprodusenten og artisten Dennis Bovell.

I 2002 blei Johnson den andre levande diktaren, og den einaste farga diktaren, til å bli gjeven ut i serien Penguin Modern Classics.[1][2][3]

Liv[endre | endre wikiteksten]

LKJ opptrer i Cardiff i 1980.

Johnson blei fødd i 1952 i Chapelton, ein liten by i landlege Clarendon Parish på Jamaica. Foreldra hans skilde lag då han var sju. Mora emigrerte til Storbrhitannia noko før Jamaica fekk sjølvstende i 1962, og Johnson budde i tre år hjå besteforeldra sine. I 1963 reiste han til Storbritannia for å bu med mor si i Brixton i London.[1]

Johnson var elev ved Tulse Hill School i Lambeth. Allereie her kom han i kontakt med rasismen i det britiske samfunnet, både frå medelevar og ein del lærarar.[3] Dei fleste farga barna blei sende til klassane for dårlege elevar - også Johnson, som hadde gjort det godt på skulen på Jamaica. Medan han framleis var elev blei han med i British Black Panthers,[4] som han seinare sa gav han den verkelege utdanninga hans.[3] Han hjelpte til med å halda diktverkstadar innan rørsla, og utvikla arbeidet sitt med Rasta Love, ei gruppe diktarar og trommeslagarar. Han tok eit afrikansk mellomnamn, Kwesi, eit namn frå Ghana gjeve til gutar fødde på ein sundag, slik Johnson var.[1]

I 1970, berre sytten år gammal, forlét han skulen og gifta seg med kjærasten sin Barbara, som var blitt gravid. Dei fekk etterkvart tre barn saman. Han tok ulike jobbar og fortsette utdanninga si på kveldsskula. Johnson studerte sosiologi ved Goldsmiths College, og gjekk ut i i 1973.[5]

På 1970-talet var han tilsett ved Keskidee Centre,[6][7] der verket hans Voices of the living and the dead blei oppført, produsert av den jamaicanske forfattaren Lindsay Barrett og med musikk frå Rasta Love. Johnson har kalla opplevinga fanstastisk, i ei tid då han endå ikkje hadde gjeve ut noko og ingen hadde høyrt om han.[a][8] Johnson skreiv også for New Musical Express, Melody Maker og Black Music på 1970-talet,[5] og arbeidde som frilansar for Virgin Records, der han skreiv biografiar om reggaeartistane deira, albumhefte og reklametekstar.[9]

Johnson fekk først gjeve ut dikta sine i tidsskriftet Race Today, og kollektivet bak tidsskriftet gav også ut den første diktsamlinga hans, Voices of the Living and the Dead, i 1974.[5] Den andre samlinga hans, Dread Beat An' Blood, kom ut i 1975 hjå Bogle-L'Ouverture.[4]

Linton Kwesi Johnson opptrer i Brussel i 2017

I 1977 vann Johnson eit Cecil Day Lewis-stipend og blei «writer in residence» i Lambeth. Same året overtalte han det nystarta plateselskapet Virgin Records til å gje ut det første albumet hans, Poet And The Roots, som han spelte inn saman med Dennis Bovell Dub Band. Som del av reggae-scena, som var knytt til det opprørske punk-miljøet, opptredde han som oppvarmar for Johnny Rotten si gruppe PIL og Siouxsie and the Banshees. I 1981 skipa han sitt eige plateselskap, LKJ Records.[10] I staden for å følgja opp populariteten sin på større plateselskap spelte han inn og promoterte andre dub-poetar som Jean Binta Breeze og Mikey Smith.[1]

Johnson var kulturredaktør i tidsskriftet Race Today. I 1982 var han programleiar i ein radioserie på BBC Radio 1 om jamaicansk musikk, From Mento To Lovers Rock. På 1980-talet var han reporter for Bandung FileChannel 4. Frå 1988 byrja han å turnera att.[1]

Dikting[endre | endre wikiteksten]

Linton Kwesi Johnson opptrer på Coachella i 2008

Dikta til Johnson er på patwa, eit jamaicansk kreolspråk som liknar engelsk, men skil seg mykje frå standard språkbruk. Inspirert av amerikanske Paul Lawrence Dunbar og barbadiske Kamau Brathwaite ville han visa at også dette kunne vera eit poetisk språk.[1] Andre viktige påverknader er Bibelen, Derek Walcott, Gerard Manley Hopkins og reggaeverket Count Ossie & the Mystic Revelation of Rastafari.[3]

Fleire av dikta hans er politiske i natur, og handlar om opplevingane til afro-karibiske britar. Mange tek for seg rasistisk vald og undertrykking. Johnson var sjølv blitt arrestert og banka opp av politiet i 1972, då han prøvde å ta nummeret til politifolk som arresterte tre ungdommar. Han blei skulda for grov lekamsskading, men seinare frikjend og dei involverte politifolka forflytta. I «Sonny's Lettah» talar han for ein ung mann som er blitt arrestert under dei vide fullmaktene politiet hadde til å stoppa «mistenkelege personar». «Fite Dem Back» tek opp kampen mot haldningane til National Front og politikarar som Enoch Powell og Margaret Thatcher. I «Di Great Insohreckshan» omtalar han opptøyane i Bristol, Liverpool og London i 1981, som fann stad som svar på politioperasjonen «Swamp '81». I «New Craas Massakah» tek han for seg ein brann som førte til at 14 menneske døydde. Johnson var også med på å organisera protestane mot brannetterforskinga på «Black People's Day of Action».[1]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Johnson vamm eit C. Day-Lewis Fellowship i 1977, og blei utnemnd til writer-in-residence for London Borough of Lambeth.[9] Han blei utnemnd til Associate Fellow ved Warwick University i 1985 og Honorary Fellow ved Wolverhampton Polytechnic i 1987. I 1990 blei han tildelt XIII Premio Internazionale Ultimo Novecento i Pisa for bidraga sine til poesi og populærmusikk.[11] I 1998 vann han Premio Piero Ciampi Citta di Livorno Concorso Musicale Nazionale i Italia.[11]

I 2003 blei Johnson også utnemnd til honorary fellow ved sin tidlegare studiestad, Goldsmiths College ved University of London. I 2004 blei han Honorary Visiting Professor ved Middlesex University i London. I 2005 blei han tildelt ein Musgrave-medalje i sølv av Institute of Jamaica for si framståande stilling innan poesi.[4] I 2012 blei han gjeven Golden PEN Award av English PEN for ei livstid av framifrå teneste for litteraturen.[12][13][14]

I 2014 blei han tildelt den jamaicanske Order of Distinction.[15]

20. april 2017 blei han gjeven eit æresdoktorati litteratur (D.Litt) av Rhodes University i Sør-Afrika.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Mi Revalueshanary Fren: Selected Poems – Penguin Modern Classics, 2002; 2006
  • Tings An' Times – Bloodaxe Books, 1991
  • Inglan is a Bitch – Race Today, 1980
  • Dread Beat An' Blood – Bogle-L'Ouverture, 1975
  • Voices of the Living and the Dead – Creation for Liberation, 1974

Album[endre | endre wikiteksten]

  • Dread Beat an' Blood – Virgin, 1978 (som Poet And The Roots).
  • Forces of Victory – Island, 1979.
  • Bass Culture – Island, 1980.
  • The Best of Linton Kwesi Johnson – Epic, 1980 (samlealbum).
  • LKJ in Dub – Island, 1980.
  • Making History – Island, 1983.
  • Reggae Greats – Mango, 1984 (compilation).
  • LKJ Live in Concert with the Dub Band – LKJ Records, 1985.
  • Dub Poetry – Mango, 1985 (Compilation).
  • Tings An' Times – LKJ Records, 1991.
  • LKJ in Dub: Volume 2 – LKJ Records, 1992.
  • LKJ Presents – LKJ Records, 1996.
  • A Cappella Live – LKJ Records, 1996.
  • Independent Intavenshan – Island, 1998 (samlealbum).
  • More Time – LKJ Records, 1999.
  • LKJ in Dub: Volume 3 – LKJ Records, 2002.
  • Straight to Inglan's Head – Universal, 2003 (samlealbum).
  • Live in Paris – Wrasse, 2004.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. »It was fantastic, you know, having written something and having it staged with actors and musicians. That was back in 1973 before I had a poem published anywhere. That was before anyone had ever heard of Linton Kwesi Johnson."

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Jaggi, Maya (3. mai 2002). «Poet on the front line». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 20. februar 2019. 
  2. «(Media & Editorial Projects Ltd)». MEP Publishers. Henta 13. desember 2012. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Wroe, Nicholas (8 March 2008). «'I did my own thing'». The Guardian. Henta 16. april 2014. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Forbes; Peter (2002). «comtemporarywriters.com». Linton Kwesi Johnson. Arkivert frå originalen 13. mai 2009. Henta 13. mai 2009. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Larkin, Colin (1998), The Virgin Encyclopedia of Reggae, Virgin Books, ISBN 0-7535-0242-9, pp. 147–148.
  6. Paul Harper, "Islington’s Black History Month celebrates Keskidee Centre", Islington Gazette, 1 October 2011.
  7. "Archive Showcase: June", George Padmore Institute, 13 June 2013.
  8. "The Keskidee – A community that discovered itself"[daud lenkje], Islington Local History Centre, 2009.
  9. 9,0 9,1 Sharmilla Beezmohun, "Linton Kwesi Johnson", Enciclopedia de Estudios Afroeuropeos.
  10. "Linton Kwesi Johnson", The Poetry Archive.
  11. 11,0 11,1 «"Linton Kwesi Johnson", Blue Flower Arts.». Arkivert frå originalen 28. mai 2014. Henta 18. juli 2013. 
  12. Alison Flood (3. desember 2012). «Linton Kwesi Johnson wins Golden PEN award». The Guardian. Henta 3. desember 2012. 
  13. «Golden Pen Award, official website». English PEN. Henta 3. desember 2012. 
  14. Sarah Morrison, «Linton Kwesi Johnson: 'Class-ridden? Yes, but this is still home'», The Independent, 2. desember 2012.
  15. Campbell, Howard (2014) «Marcia Griffiths to receive Order of Distinction», Jamaica Observer, 7. august 2014. Henta 10. august 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Linton Kwesi Johnson