Linus Torvalds

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Linus Torvalds
Linus Torvalds (cropped).jpg
FøddLinus Benedict Torvalds
28. desember 1969
Helsingfors
NasjonalitetUSA, Finland
Områdesoftware engineer
Yrkeprogrammerar, software developer, skribent, oppfinnar, blogger, informatikar, ingeniør
InstitusjonarTransmeta Corporation
Open Source Development Labs
Linux Foundation
Helsingfors universitet
Alma materHelsingfors universitet
EktefelleTove Torvalds
BarnPatricia Miranda Torvalds, Daniela Yolanda Torvalds, Celeste Amanda Torvalds
MedlemDet kongelege ingeniørvitskapsakademiet

Linus Torvalds (fødd 28. desember 1969) er ein finlandssvensk dataprogrammerar og opphavsmannen til operativsystemkjernen Linux. Han er busett i USA og jobbar for Open Source Development Labs (OSDL).

Torvalds er fødd i Helsingfors som son av Anna og Nils Torvalds og soneson av diktaren Ole Torvalds. Linus Torvalds blei kalla opp etter den amerikanske doble nobelprisvinnaren Linus Pauling.

Han utvikla dei første datainteressene sine med ein Commodore VIC-20. Den neste datamaskinen hans var ein Sinclair QL som han endra dramatisk, særleg operativsystemet. I 1990 kjøpte han ei IBM-maskin med Intel 80386-prosessor og byrja arbeidet med Linux.

Frå 1988 til 1996 studerte Torvalds ved Universitetet i Helsingfors. Han gjekk ut med mastergrad i datavitskap. Masteravhandlinga hadde han skrive om Linux.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Linus Torvalds
Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.