Linuxdistribusjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Installasjons-cd med linuxdistribusjonen Yggdrasil

Ein Linuxdistribusjon er eit operativsystem laga av ei samling programvare, basert på Linux-kjernen og inneheld som oftast eit pakkesystem for å installere, oppdatere, og fjerne programvare.

Ein typisk Linux distribusjon består av Linux-kjerna, GNU verktya, dokumentasjon og hjelpefiler, samt eit vindaugesystem, vindaugehandsamar og eit skrivebordsmiljø. Det meste av programvara i ein distribusjon er fri og open kjeldekode, tilgjengeleg både som kompilært binærkode og som lesbar kjeldekode, som brukaren er fri til å endre på. Dei fleste distribusjonane av Linux, inneheld også programvare der kjeldekoda ikkje er tilgjengeleg, til dømes proprietære drivarar direkte frå maskinvareprodusenten. Nokre distribusjonar vel å ikkje leggje desse ved, gjerne av ideologiske grunnar.

Det finnes om lag 600 forskjellige tilgjengelege distribusjonar av Linux. [1] Mange av desse rettar seg mot bruk på stasjonære og bærbare datamaskinar eller tenarar, andre rettar seg meir mot mobiltelefonar og nettbrett, eller minimale miljø typisk til bruk i integrerte system. Det finne

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The LWN.net Linux Distribution List». LWN.net. https://lwn.net/Distributions/. Henta 15 februar 2017. 


Tux.svg
Linux-distribusjonar
ALT Linux | Ark Linux | Caldera | CentOS | Debian | Damn Small Linux | Fedora | Fox Linux | Gentoo | Gnoppix | IPCop | Knoppix | Kubuntu | Linspire | Lycoris | Mandriva | Mepis | Mint | Puppy Linux | Red Hat Enterprise Linux | Skolelinux | Slackware | openSUSE | Tango Studio | Trustix | Ubuntu | Ubuntu Studio | Xandros | Yellow dog Linux | Yggdrasil Linux | YOPER  | Zenwalk  | 64 Studio