Hopp til innhald

Lion Feuchtwanger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lion Feuchtwanger

PseudonymJacob Arje, Sepp Trautwein, J. L. Wetcheek
StatsborgarskapDet tyske keisardømet, Weimarrepublikken, USA, Tyskland, Frankrike
Fødd7. juli 1884
München
Død

21. desember 1958 (74 år)
Los Angeles

Yrkeskribent, skodespelforfattar, omsetjar, journalist, litteraturkritikar, teaterkritiker
Sjangerprosa
EktefelleMarta Feuchtwanger
PrisarDDRs nasjonalpris, Delstatshovedstaden Münchens litteraturpris
Signatur
Lion Feuchtwanger på Commons

Lion Feuchtwanger (7. juli 1884–21. desember 1958) var ein tysk-amerikansk forfattar, fødd i München og død i Los Angeles.

Jødiske Feuchtwanger studerte litteratur, filosofi og antropologi i München og Berlin. Han tok i 1907 doktorgraden på ei avhandling om Heinrich Heine. I mange år bidrog han til tidsskriftet Die Weltbühne.

Gjennom historiske romanar kritiserte Feuchtwanger samtida, til dømes i Jud Süss. Verk av honom vart i 1933 brende på  bokbål rundt om i Nazi-Tyskland. Som venstreorientert jøde vart Feuchtwanger same året fråteken sitt tyske borgarskap. Bøkene hans vart forbodne og han flykta frå landet. Sidan levde han i USA.

Seks av Feuchtwanger sine romanar vart omsett til norsk og kom ut på forlaga Aschehoug og Gyldendal i åra frå 1932 til 1938. På Gyldendal kom Jerusalems undergang, Jøden i Rom og Jøden Süss, medan Aschehoug gav ut Søsknene Oppenheim, Den heslige hertuginne og Den falske Nero. Alle desse var «Verboten» under den tyske okkupasjonen av Noreg.