Lionel Richie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lionel Richie
Lionel Richie in 2017.jpg
Richie får Kennedy Center Honors i 2017
Fødd20. juni 1949 (72 år)
FødestadTuskegee i Alabama i USA
FødenamnLionel Brockman Richie Jr.
OpphavUSA
AktivSidan 1968
Sjangerpop, soul, funk, rhythm and blues, poprock, new wave
Instrument
  • vokal
  • piano
  • saksofon
Stemmetypetenor
PlateselskapMotown, Island Records
Verka somsongar, skodespelar, singer-songwriter, pianist, musikar, musikkprodusent, filmskodespelar, saksofonist
Gift medBrenda Harvey-Richie, Diane Alexander
BornNicole Richie, Sofia Richie, Miles Richie
PrisarÅrets filantrop, Johnny Mercer Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame

Lionel Brockman Richie jr. (fødd 20. juni 1949) er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar, komponist, multi-instrumentalist, plateprodusent, skodespelar og fjernsynsdommar. Han spelte i funk- og soulbandet Commodores og hadde ein solokarriere som gjorde han til ein av dei mest populære balladesongarane i 1980-åra.

Frå og med 1968 var Richie medlem av Commodores. The Commodores vart ei populær soulgruppe og gav ut fleire album med ein dansbar, funky stil, og songar som «Machine Gun» og «Brick House». Etter kvart byrja Richie å skrive og synge meir romantiske, easylistening-balladar som «Easy», «Three Times a Lady», «Still» og «Sail On». Richie lanserte solokarrieren sin i 1982 og debutalbumet hans som soloartist, Lionel Richie, inneheld tre hitsinglar: «Truly», som gjekk til topps i USA, og topp 5-hittane «You Are» og «My Love». Albumet nådde tredjeplassen på den amerikanske albumlista og selde over fire millionar eksemplar. Oppfølgjaren hans i 1983, Can't Slow Down, selde over det dobbelte og gjorde han til ei av dei store internasjonale superstjernene. Han var òg medlåtskrivar på den veldedige singelen «We Are the World» med Michael Jackson, som selde over 20 million eksemplar.[1]

I løpet av karrieren har Richie seld over 90 millionar plater verda over, noko som gjer han til ein av dei bestseljande artistane gjennom tidene.[2] Han vann Grammyprisen for årets album med Can't Slow Down, og har mellom anna òg vunne Grammyprisen for årets produsent i 1985 og årets mannlege popsong for «Truly» i 1983. Richie har òg blitt nominert til to Golden Globe-prisar og vann den eine. I 1982 var han nominert for beste originale song for filmen Endless Love. I 1986 vann han Golden Globe for beste original song for «Say You, Say Me», som var i filmen White Nights. Songen vann òg Oscarprisen for beste originale song. I 2016 fekk den høgaste æresprisen til Songwriters Hall of Fame, Johnny Mercer-prisen.[3] Han har vore dommar i songkonkurransen American Idol.[4]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Leopold, Todd (20. januar 2021). «'We Are the World' at 30: Where are they now?». CNN. Henta 13. juli 2021. 
  2. Kallen, Jackie (13. juli 2021). «Lionel Richie reaches beyond «American Idol» at DTE show». The Oakland Press. Henta 13. juli 2021. 
  3. Rothman, Michael (10. juni 2016). «Lionel Richie, Chic's Nile Rodgers and More Enter Songwriters Hall of Fame». ABC News. Henta 13. juli 2021. 
  4. Goldberg, Lesley. «'American Idol' Judges Close Deals to Return for Season 3 on ABC». The Hollywood Reporter. Henta 5. august 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lionel Richie
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Lionel Richie