Lipopolysakkarid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Strukturen til eit lipopolysakkarid

Lipopolysakkarid (LPS) eller endotoksin er molekylkompleks av lipid (feittstoff) og polysakkarid (karbohydrat) og ein proteinkomponent.

Dei er bakteriegifter som vert frigjevne frå gram-negative bakteriar, særleg når desse døyr og går i oppløysing, men òg som ein naturleg prosess frå levande bakteriar. Dei kjem frå selleveggen til bakterien. Giftverknaden er knytt til lipiddelen (lipid A).

Lipopolysakkarid er rekna som ansvarlege for fleire av sjukdomane ved gramnegative bakterieinfeksjonar, særleg ved sterk øksling av bakteriane i blodbanane. Lipopolysakkarid er difor hovudårsaka til den alvorlegaste, septiske eller septikemiske, forma av meningokokksjukdom, mellom anna med blødingar i sjølve huda (under yta), svikt i fleire indre organ, sjokk og eventuelt daude.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]