Liposom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Illustrasjon av eit liposom

Liposom er små kuleforma doble lag med lipid med ein kjerne av vatn. Dei har gjerne ein storleik på 25–100 nanometer, og vert laga gjennom at lipid i vatn vert utsette for høgfrekvente lydbylgjer.

Inni vasskjernen av liposom kan det kapslast inn molekyl, til dømes medisin. Liposom med molekyl kan trengja gjennom sellemembranen og levera molekyl på innsida.

I utrøyningar vart liposom nytta til å levera antibiotikum til bakteriar i biofilm. Ved låge antibiotikumnivå var liposombore antibiotikum meir effektivt enn fritt antibiotikum.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jones, Malcolm N.; et al. (23. november 1994). «The targeting of phospholipid liposomes to bacteria». Biochimica et Biophysica Acta. doi:10.1016/0005-2736(94)90295-X. 
Spire Denne biokjemiartikkelen som har med medisin å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.