Lisbeth Korsmo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lisbeth Korsmo
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. januar 1948
Oslo
Død

22. januar 2017 (69 år)
Oslo

Yrke skøyteløpar, sykkelryttar
Språk norsk
Høgd 160 centimeter

Lisbeth Korsmo, fødd Lisbeth Berg, (14. januar 194822. januar 2017) var ein norsk idrettsutøvar frå Oslo. Ho deltok lenge i skeisesport og vann OL-bronse på 3000 meter i 1976, og var elles ei tid aktiv i sykkelsport. Skeiseløpar Korsmo var i alle år medlem i Oslo Idrettslag, i sykling representerte ho Ullensaker Cykleklub.

Lisbeth Korsmo vart sju gongar norsk meister i firkamp på skeiser i tida 1971-78, dessutan vann ho sprint-NM i 1971 og perioden 1974-78. Frå 1966 til 1978, tretten noregsmeisterskap i firkamp på rad, vart ho anten nummer ein eller to. I nesten alle desse meisterskapane kjempa ho og Sigrid Sundby om kven som skulle få NM-laurbærkransen.

Berg/Korsmo deltok i 25 internasjonale meisterskap, omframt tre olympiske vinterleikar. Vinteren 1971 enda ho på femteplassen både i skeise-EM og i VM i firkamp. Under Vinter-OL 1976 i Innsbruck vart ho nummer fire på 1500-meteren, før ho på 3000 meter vart den fyrste norske kvinnelege OL-medaljøren på lengdeløpsskeiser. Med sluttida 4.45,24 var Korsmo ein fattig hundredels sekund bak sølvvinnaren og fem små hundredelar bak olympiameister Tatjana Averina frå Sovjetunionen som kom i mål på 4.45,19. Ho la bort konkurranseskeisene i 1980.

I 1981 tok Korsmo heim NM-gullet i landevegssykling.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]