Lisboa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lisboa
Utsyn over Lisboa. Ponte de 25 Abril i bakgrunnen
Utsyn over Lisboa. Ponte de 25 Abril i bakgrunnen
Flagget til Lisboa Byvåpenet til Lisboa
Flagget til Lisboa Byvåpenet til Lisboa


Plassering
Lisboa is located in Portugal
Styresmakter
Land Portugal Portugal
Region Lisboa
Distrikt Grande Lisboa
Borgarmeister António Costa
Geografi
Flatevidd
 - By

84,8 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2004)
   - folketettleik
 - Storbyområde

564 477
  6 656,6 /km²
2 millionar
Koordinatar 38°42′″N 09°11′″WKoordinatar: 38°42′″N 09°11′″W
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.cm-lisboa.pt


Lisboa har vore Portugal sin hovudstad sidan 1256. Han er den største byen i landet med sine 564 477innbyggjarar (2004). Han ligg idyllisk til ved nordbredda av elva Tejo. Byen ligg om lag 15 kilometer frå munningen til Tejo, der elva renn ut i Atlanterhavet.

Han er òg sete i distriktet og regionen Lisboa. Kommunen har om lag 565 000 innbyggjarar fordelt på 84,8 km², medan storbyområdet rundt kommunen totalt har rundt 2,8 millionar innbyggjarar. På grunn av den økonomiske avsettinga, levestandarden og marknaden vert underregionen Grande Lisboa (Stor-Lisboa) rekna som det nest viktigaste finansielle og økonomiske senteret på Den iberiske halvøya.[1] Regionen Lisboa er den mest velståande i Portugal og ligg over gjennomsnittet i EU når det gjeld BNP per innbyggjar. Det er òg det politiske senteret i landet og sete for regjeringa og presidenten av Portugal.

Den karakteristiske brua Ponte de 25 Abril

Lisboa var under romarane frå 205 f.Kr. og Julius Cæsar gjorde byen til ein kommune kalla Felicitas Julia, som han la til namnet Olissipo. Frå 400-talet vart han styrt av fleire germanske folk og vart erobra av maurarar på 700-talet. I 1147, gjenerobra krossfararane under Afonso Henriques byen for dei kristne og sidan den gong har han vore eit stort politisk, økonomisk og kulturelt senter i Portugal. I motsetnad til dei fleste hovudstader har statusen til Lisboa som hovudstad i Portugal aldri vorte tileigna eller offisielt stadfesta. Posisjonen som hovudstad har utvikla seg gjennom konstitusjonell sedvanerett.

Geografi og plassering[endre | endre wikiteksten]

Historisk kart over Lisboa

Lisboa er den vestlegaste hovudstaden på det europeiske fastlandet og ligg vest i Portugal ved Atlanterhavet, der elva Tejo munnar ut i havet.

Byen dekkjer eit område på 84,8 km². I motsetnad til dei fleste storbyar er grensene rundt byen avgrensa til den historiske delen av byen. Dermed er det fleire andre byar med eige administrasjon rundt Lisboa, som Amadora, Queluz, Cacém, Odivelas, Loures, Sacavém, Almada, Barreiro, Seixal og Oeiras. Alle desse går i eitt med Lisboa, og er alle i røynda del av same storby.

Skogsparken Monsanto ligg på vestsida av byen og er ein av dei største byparkane i Europa med eit areal på nær 10 km².

Historie[endre | endre wikiteksten]

Under dei store portugisiske oppdagingsferdene og kolonisering vart Lisboa den største hamnebyen i Europa, ein posisjon byen mista under den spanske okkupasjonen i tida mellom 1580 og 1640.

Klokka 09.30 den 1. november 1755 vart byen råka av tre kraftige jordskjelv. Mange menneske var samla til høgmesse i kyrkjene denne dagen og mange vart sperra inne i ruinane. Skjelva utløyste storbrann og ei flodbylgje øydela dei delane av byen som låg nærast Tejo. Minst 13 000 menneske omkom.

Tapet av Brasil på byrjinga av 1800-talet førte med seg meir tilbakegang for landet og for byen. Etter kvart har Lisboa utvikla seg til ein travel storby med handel og turisme.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]