Lise Amundsen
Lise Amundsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. februar 1933 (90 år) Kristiansand |
Yrke | bilethoggar, designar |
Lise Amundsen (fødd 17. februar 1933) er ein norsk bilethoggar og designar. Ho er busett i Halden.
Utdanning[endre | endre wikiteksten]
Amundsen gjekk på Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo frå 1950 til 1955. I 1955 og 1959 var ho hospitant hjå bilethoggaren Nils Flakstad og i 1957 studerte ho under Anthony Caro på St. Martins School of Art i London. I åra 1964 til 1964 gjekk ho i steinhoggarlære hjå Fagernes i Halden.[1]
Bilethoggar[endre | endre wikiteksten]
Som bilethoggar arbeider i materiala tre, bronse, granitt, bergkrystall og stål og skulpturane hennar er abstrakt symbolretta.[1] Kunstverka hennar finst som offentlege utsmykkingar mange stader i landet. Ho er ekstra godt representert i heimfylket, Østfold, og verka hennar er også å finne utanlands. Ho har hatt ei lang rekkje separatutstillingar i Noreg og vore representert på Haustutstillinga og på kollektivutstillingar også i utlandet.
Designar[endre | endre wikiteksten]
Frå 1961 til 1975 arbeidde ho som designar for mellom andre Halden Bomullsspinderi og Væveri, Sellgrens Veveri og Rauma Ullvarefabrikk. Ho formgav mellom anna ryeteppe.[2]
Amundsen var med og starta Halden Husflidslag.
Separatutstillingar[endre | endre wikiteksten]
- 2010 - Sandefjord kyrkje
- 2008 - Konservativen i Halden
- 2007 - Storedal Kultursenter i Sarpsborg
- 2006 - Galleri New Form i Trelleborg i Danmark
- 2005 - Botner Gård i Høland
- 2003 - Storedal Kultursenter i Sarpsborg
- 2001 - Galleri Kjeldaas i Oslo
- 2000 - Gamle Tomb Galleri i Råde
- 2000 - Galleri Adamstuen i Oslo
- 1998 - Galleri Skåra i Fredrikstad
- 1998 - Fredriksten Festning i Halden
- 1996 - Galleri Skallum i Oslo
- 1995 - Holle i Tyskland
- 1993 - Oppegård kunstforening
- 1992 - Skogbruksmuseet i Elverum
- 1991 - Arendal kunstforening
- 1990 - Oskarshamn kunstforening
- 1990 - Thisted kunstforening
- 1989 - Galleri Varden i Moss
- 1988 - Lovisenberg sykehus
- 1988 - Galleri Stampen i Fredrikstad
- 1987 - Galleri Rakeng i Halden
- 1987 - Askim kunstforening
- 1985 - Sandefjord kunstforening
- 1985 - Galleri BI-Z i Kristiansand
- 1984 - Hurum kunstforening på Holmsbu
- 1984 - Hamar kunstforening
- 1983 - Rakkestad kunstforenning
- 1982 - Galleri Homansbyen i Oslo
- 1981 - Galleri Borg 80 i Grålum
- 1979 - Sarpsborg kunstforening
- 1978 - Halden kunstforening
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 «Nettstaden til Lise Amundsen». Henta 8. desember 2011.
- ↑ Herman Berthelsen, red. (1987). «Amundsen, Lise». Hvem er hvem i norsk kulturliv?. Oslo: Dreyer. s. 11-12. ISBN 820910426-8.