Lise Myhre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lise Myhre

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. november 1975 (48 år)
Skedsmo kommune
Yrke teikneserieskapar
Lise Myhre på Commons

Lise Myhre (fødd 1. november 1975) er ein norsk teikneserieskapar som lagar teikneserien Nemi.

Myhre er fødd på Lørenskog og oppvaksen på Skedsmokorset. Ho har studert grafisk design og kunsthistorie på Santa Monica College of Art i California i eitt år, og deretter eitt år grafisk design med Merkantilt Institutt i Oslo.[1]

Før ho skapte Nemi, laga ho ei rekkje andre seriar, blant anna Anne And (ei slags hyllest til Charlie Christensens Arne And) i gratisavisa Planetarium C og M. P. som starta i Larsons Gale Verden i 1996 . Året etter laga ho ein ny serie i LGV, Den svarte siden, som etter kvart utvikla seg til Nemi.

Nemi debuterte i Dagbladet i 1999, og blei etterkvart til ein av dei to mest populære teikneseriane i Noreg (ved sida av Pondus).[1] Nemi fekk eige blad i 2003, etter at Myhre hadde skifta forlag frå Bladkompaniet til Egmont.

Myhre har òg illustrert dikt av Edgar Allan Poe og André Bjerke med figurane frå Nemi, og illustrert platecover (for blant anna Gothminister), skoledagbøker, skolebøker (fysikk for vidaregåande skule) og skrekkbøker.[1]

Lise Myhre bur i Oslo.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Lise Myhre Gyldendal

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]