Lispund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Lispund, av livlandsk pund, er ei gammal måleining for masse, tilsvarande om lag 8 kg.

I ulike delar av landet, og til ulike tider, har det vore rekna ulike verdiar for lispundet.

  • Ei gammal austnorsk skippundvekt gir 1 lispund lik 1/20 skippund, tilsvarande 9,26 kg.
  • Ei gammal vestnorsk skippundvekt gir 1 lispund lik 1/24 skippund, tilsvarande 6,17 kg. Somme stader er denne masseeininga kalla spann.
  • Etter forordning 1. mai 1683 skulle 1 lispund lik 1/20 skippund vere lik 32 merker à 249,875 g = 7,996 kg.[1]
  • Etter at meterkonvensjonen vart innført i 1875, skulle lispund brukt i gjeldande avtalar reknast likt 8 kg. [2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]