Lista

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Lista er eit landskap og ein tidlegare kommune i Vest-Agder. Kommunen vart slege saman med Farsund kommune, Herad kommune og Spind kommune til noverande Farsund kommune i 1966. Listalandet strekkjer seg frå Farsund by og ut til Lista fyrstasjon. Landskapet utgjer ei halvøy, rekna frå Listeidet.

Lista har vore bygd frå bronsealderen, og stadnamn frå området er kjend frå kvada om Helge Hundingsbane. Staden vart tidleg eit hovdingsete, som vart rikt av di det vakta leia frå Agdesida til Rogaland. Dronning Åsa skulle etter segna vore dotter av ein konge på Lista.