Lister (Farsunds Avis)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lister

LandNoreg
TypeLokalavis
FormatTabloid (fullformat fram til 9. mars 2002)
Grunnlagd1889
UtgjevarFædrelandsvennen
Språknorsk
Opplag5 978
HovudkvarterFarsund kommune
Nettstadwww.lister24.no

Lister (tidlegare Farsunds Avis) er ei avis som vert utgjeven i Farsund i Agder. Lister driv nettstaden lister24.no og gir ut papirutgåver fire dagar i veka. Avisa er lokalavis for kommunane Farsund, Lyngdal og Hægebostad, og regionavis for Lister-regionen. I 2018 hadde avisa eit godkjent opplag på 5 978 eksemplar, inkludert nettabonnement.

Avisa i dag[endre | endre wikiteksten]

Avisa har om lag 17 medarbeidarar og eit opplag på 5 978 (2018). Frå januar 2010 kom Farsunds Avis ut under namnet Lister kvar torsdag, og dekte då òg Kvinesdal, Flekkefjord og Sirdal. Med den nye torsdagsutgåva, vart den nedlagde avisa Lister frå 1878 i praksis gjenoppliva etter å ha vore borte frå medieverda sidan 1934.

Hovudredaksjonen ligg i Farsund sentrum, med eit lokalkontor i Lyngdal. Lister vert trykt i Schibsted sitt trykkjeri i Oslo.

Eigarskap[endre | endre wikiteksten]

Farsunds Avis vart grunnlagd i 1889, og utgjevar er AS Farsunds Aktiebogtrykkeri som vart stifta same år.

Familien Brøvig har vore sentral i avisa si historie. I 1903 overtok skipsreiar Th. Brøvig redaktøransvaret. Reiarfamilien var hovudeigarar heilt fram til 3. november 2008, då dei selde sin eigarpost på 58,19 prosent til Fædrelandsvennen. Dermed var 119 år med lokalt eigarskap over. Per 2019 eig Fædrelandsvennen AS 86,2 prosent av selskapet.[1]

Avisleiinga[endre | endre wikiteksten]

Fridtjof Nygaard er per 2019 ansvarleg redaktør og dagleg leiar, medan Svein Morten Havaas er lokal, stadleg redaktør.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historia vil ha det til at avisa vart fødd takka vere ein trykkfeil.[3] Radikal-avisa Lister hadde ein artikkel frå ein fest arrangera av Farsund Høire. Presteskapet deltok og vart i artikkelen omtala som «presteskrap». Etter alt sannsyn var dette ein trykkfeil, men reaksjonen frå borgarskapet var å stifte ei eiga avis. 15. juni 1889 kom Farsunds Avis ut for første gong. Konsul P. Sundt var avisa sin grunnleggjar og første styreformann.

Th. Olsen var faktor og redaktør i periodar frå avisa si spede byrjing og heilt fram til andre verdskrig. Etter krigen tok Einar Holmer Hoven over som redaktør, og han døydde seinare på sin post under eit kommunestyremøte. Holmer Hoven vart etterfølgd av Billy Nenningsland. Han gjekk til slutt av etter at styret overprøvde Nenningsland sitt nei til ein ølannonse.

I nyare tid var Kristian Fahlstrøm redaktør i to periodar. Avisa gjekk frå bly til offset og vart dagsavis på byrjinga av 1970-talet. I 1983 overtok Gunvald Justnæs redaktørjobben og vart etterfølgd av Steinar Spjelkaviknes i 2002. Sveinung W. Jensen tok over redaktørstolen 1. oktober 2009, medan Fridtjof Nygaard overtok i 2018.

Lister var ifølgje vedtektene ei høgreavis heilt fram til september 2002. I dag definerer avisa seg som verdikonservativ, men har i praksis ein politisk uavhengig ståstad.[4]

Avisa hadde sitt eige trykkjeri heilt fram til våren 2010, etter nesten 121 år i drift. Siste trykking var 26. mars 2010.[5] I desember 2010 flytta avisa frå Strandgaten til nye lokal på Gåseholmen i Farsund by. I 2014 skifta avisa namn til Lister, og talet på avisdagar vart redusert frå seks til fire dagar i veka.

Opplagstal[endre | endre wikiteksten]

Nettoopplagstal henta frå Medienorge:[6]

  • 2006: 6 044
  • 2007: 6 062
  • 2008: 6 103
  • 2009: 6 094
  • 2010: 5 994
  • 2011: 5 897
  • 2012: 5 771
  • 2013: 5 437
  • 2014: 5 405
  • 2015: 5 027
  • 2016: 5 273
  • 2017: 5 406
  • 2018: 5 978

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Eigarskap i norske medium». Medietilsynet (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 18. juli 2017. Henta 18. juli 2017. 
  2. Waatland, Erik (12. desember 2018), «Lister24 får stedlig redaktør med mer ansvar», Medier24.no (på norsk), henta 9. juni 2019 
  3. Om Farsunds Avis Arkivert 2009-05-10 ved Wayback Machine. frå Farsunds Avis
  4. «Endring av formål» frå Brønnøysundregistra, registrert 18. september 2002
  5. Nå er det slutt[daud lenkje] frå Farsunds Avis 27. mars 2010
  6. «Opplagstall norske aviser». medienorge (på norsk). Henta 9. juni 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]