Listveiten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Listveiten
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Radøy
Postnummer 5936 MANGER

Listveiten, uttala liss-tveiten, er ein gard på Radøy. Garden ligg nord for Mykingvatnet. Namnet har vore skrive på ulikt vis, Tvedt, Tveit, Lilletvedten, Lilletveiten. Litletveiten, Lilletvedt og Lilletveit.

Namnet tveit tyder opning eller rydning, og lisle (litle) viser til at dette var den litle tveiten, i motsetnad til den langt større garden Tveiten lenger aust på Radøy.

Garden kan ha vore rydda i vikingtida. Etter svartedauden vart han liggande aude, og slik låg han i 1535, då han er nemnd i ei jordebok for godset som hadde høyrd til Nonneseter kloster i Bergen, men som kongen i København hadde gjeve i gåve til Vincens Lunge. Men etter at Vincens Lunge vart drepen, kom eigedommane i privat eige frå 1536. I 1647 var det futen i Sunnfjord som åtte garden, som ein del av jordegodset sitt.

Frå 1644 til 1858 var det to bruk på Listveiten, seinare vart dei delt vidare opp til sju småbruk. Etter 1950 vart mykje av garden på nytt samla til eitt bruk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]