Lisunov Li-2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.


Li-2 HA-LIX 01.jpg

Lisunov Li-2, opphavleg kallaPS-84 (NATO kallenavn Cab), var ein russisk versjon av Douglas DC-3, bygde på lisens hos GAZ-84, ein flyfabrikk nær Moskva, og seinare av GAZ-34-fabrikken i Tasjkent. Prosjektet vart leidd av flykonstruktøren Boris Pavlovich Lisunov. Ein opphavleg Li-2 er lett gjenkjennelig på sina 4-bladete propellar, sjølv om mange seinare utgåver av flyet var utstyrt med 3-bladete propellar. I motsetnad til DC-3, vart variantar av den militære utgåva av Li-2 bygde som bombefly med eit dreibart skytetårn og bombeluker i buken. (Sjå biletet nedanfor til venstre).

Konstruksjon og utvikling[endre | endre wikiteksten]

Sovjetunionen hadde fått dei fyrste DC-2 i 1935 og før andre verdskrig hadde Sovjet skaffa i alt 21 DC-3, leidde av ein lisens for bygging av eigne fly. Lisunov held til to år mellom 1938 og 1940 hos Douglas Aircraft Company, og modifiserte C-47 til den russiske versjonen som fekk nemninga PS-84 (Passashirsky Samolyot 84, passjerfly bygde ved flyfabrikk nr.84). Til trass for at det var avgjort at det skulle verta så få endringar som mogleg, vart det hos GAZ-84 dokumentert over 1 200 endringar av Douglas' teikningar. Det var inga lett oppgåve å endra alle tomme-mål til metriske. Ein del av endringane var vesentlege. For nytta av dei russiske Shvetsov-motoreene var praksisen den at desse skulle vera fullstedig innelukka av omsyn til dei ekstreme låge temperaturane russiske fly opererte under. Flyet fekk eit noko kortare vengespenn, men mange andre endringar var mindre synlege. Synlege endringar omfatta m.a. passasjerdøra som vart flytta til høgre side. (Tidlege DG-3 hadde døra på venstre side). Ei topp-hengsla lastedør vart plassert på venstre side i staden for den opphavlege passasjerdør. Strukturelle forandringar omfatta noko tjukkare alumimumsplater i skroget, sidan standard metriske mål ikkje heilt eksakt samsvarte med amerikansk. Andre vesentlege konstruksjonar som avveik frå dei originale, var slike som braketter for motormontasje, understell, hjul og dekk. For å kunna operera under arktiske tilhøve vart understellet tilpassa for montering av ski.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før krigen vart PS-84 nytta av Aeroflot, i fyrste rekkje som eit passasjerfly, men etter den tyske invasjonen av Sovjetunionen i 1941 vart mange PS-84 rekvirert for militært bruk og fekk nemninga Lisunov Li-2 i 1942. Dei militære variantane vart utstyrd med eit 7,62 mm maskingevær og seinare med eit tyngre, 12,7 mm maskingevær. Flyet vart brukt til troppetransport, til å forsyna partisanstyrkar, som bombefly og òg til transport av såra. Ein versjon kalla Li-2VV (Vojenny Variant = militær variant) fekk ein endra og større nase for ekstra forsvarvapen. Flyet kunne frakta opptil fire 250 kg bombar festa under vingane. I tillegg kunne mindre bombar verta teke med av besetninga inn i sjølve flyet og vert kasta ut gjennom lasteluka.

Meir enn 6 000 vart bygd av alle Li-2 versjonane, og flytypen vart i stor utstrekking nytta i Aust-Europa til langt ut på 1960-talet. Det vart bygd i mange variantar, passasjerfly, fraktfly, militære transportfly, til speiding og luftfotografering, til fallskjermutslipp og som bombefly. Li-2 vart òg nytta av Kinas flyvåpen i 1940- og 1950-årane.

Lisunov Li-2s, vart nytta av fleire flyselskap, m.a Aeroflot, CAAK, CSA, LÉT, Malév og Tarom.

Det finst éin flyvedyktig Li-2 i dag: (2010) den ungarsk registrerte HA-LIX, som benyttets til rundflyvning og opptrer regelmessig på flystevner. p

Variantar[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare Malev Lisunov på flymuseum i Budapest


‘’Denne artikkel ygget på nb:Lisunov Li-2 på bokmålsutgaven av Wikipedia 13. desember 2017’’

Spesifikasjonar (Li-2)[endre | endre wikiteksten]

Lisunov Li-2

Kjelder[endre | endre wikiteksten]