Litanielva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om elva i Libanon. For elva i Sør-Amerika, sjå Litani i Sør-Amerika.
Koordinatar: 33°20′20″N 35°14′43″E
Litanielva
elv
none Den sørlege delen av Litani, nær grensa til Israel.
Den sørlege delen av Litani, nær grensa til Israel.
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
Koordinatar 33°20′20″N 35°14′43″E
Lengd 140 km
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Litani River

Litani (arabisk نهر الليطاني, Nahr al-Līṭānī; i antikken Leontes) er ei viktig elv sør i Libanon. Elva spring ut i den frodige Beqaadalen vest for Baalbek, og munnar ut i Middelhavet nord for Tyr. Ho er meir enn 140 km lang og er den lengste elva i Libanon med ei årleg vassføring på kring 920 millionar kubikkmeter.[1] Heile elva flyt innafor grensene til Libanon og ho er ei stor kjelde for vassforsyning, vatning og vasskraft både i Sør-Libanon, og for heile landet.

Delar av den nedre delen av elva var under israelsk kontroll i 1978 og 1982 til 2000.

Sørover[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha runne sørover, parallelt til den syriske grensa, svingar ho brått vestover, like før grensa til Israel. Nær denne svingen er Litan berre fem kilometer frå Hasbanielva og fire kilometer frå den israelske grensa.

Qasimiyeh[endre | endre wikiteksten]

Delen av elva som renn vestover vert kalla Qasimiyeh. Qasmieh-Ras-el-Aïn-regionen får vatn frå elva via vatningskanalar som strekkjr seg sørover og nordover frå elva. Vatningsområdet dekkjer 32,64 km² og er eit av dei største i landet, delt av kring 1250 bønder, som hovudsakleg dyrkar sitrus og bananar.(Raad 2004). Denne delen av elva, heilt fram til Middelhavet, renn nesten parallelt til (og kring 30 km nord for den israelske-libanesiske grensa. 10 km nord for Tyr, kryssar elva den gamle Leontesbrua. I juni 1941 var elvemunningen åstad for eit åtak av britiske kommandosoldatar og australske soldatar mot franske Vichy-styrkar i det som vart kjend som slaget ved Litani.

Litanidemninga, sett frå motorvegen i vest.

Litanidemninga[endre | endre wikiteksten]

Qaraounsjøen er ein kunstig innsjø på 11 kvadratkilometer, skapt av Litanidemninga, som er 60 meter høg og 1 350 meter lang. Denne stod ferdig i 1959. Ein undergrunnsstasjon vert nytta til å produsere opp mot 185 megawatt elektrisitet, det største vassenergiverket i Libanon. Demninga vart opphavleg meint å gje kunstig vatning til 310 km² av jordbruksland i Sør-Libanon og 80 km² i Beqaadalen. Det ligg fleire hotell og restaurantar ved innsjøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Litani River» frå Wikipedia på engelsk, den 14. august 2014.
  • Ramadan, H.H., Beighley, R.E and Ramamurthy, A.S. (2013). «Temperature and precipitation trends i Libanon’s largest river: the Litani Basin”, American Society of Civil Engineers, Journal of Water Resources Planning and Management, 139 (1), pp.86-95.
  • Ramadan, H.H., Ramamurthy, A.S., and Beighley, R.E (2012). «Inter-annual temperature and precipitation variations over the Litani Basin in response to atmospheric circulation patterns”, Theoretical and Applied Climatology, Volume 108, Numbers 3-4 (2012), s. 563-577.
  • Ramadan, H.H., Beighley R.E. and Ramamurthy A.S. (2012). «Modeling Streamflow Trends for a Watershed with Limited Data: A case on the Litani Basin, Libanon” Hydrological Sciences Journal, 57 (8), s. 1516-1529.
  • Ramadan, H.H., Ramamurthy A.S. and Beighley R.E. (2013). «Sensitivity of the Litani Basin’s runoff i Libanon to climate change.” International Journal of Environment and Pollution (in press).
  • Bregman, Ahron (2002). Israel's Wars: A History Since 1947. London: Routledge. ISBN 0-415-28716-2
  • Raad, Daoud, 2004. «Localized irrigation in Qasmieh-Ras-el-Aïn: a technique to be encouraged" pdf file
  • Amery, H. A. 1993. «The Litani of Libanon», Geographikal Review 83 (3) pp229–237.
  • Where the western Litani empties into Middelhavet, on Wikimapia
  • Old Feud Over libanesisk River Takes New Turn
  • Assaf, Hamed and Saadeh, Mark. «Development of an Integrated Decision Support System for Water Quality Control i Upper Litani Basin, Libanon», Proceedings of the iEMSs Third Biennial Meeting, «Summit on Environmental Modelling and Software". International Environmental Modelling and Software Society, Burlington, USA, July 2006.