Hopp til innhald

Litauen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Republikken Litauen
Lietuvos Respublika
Adjektiv: litauisk
Motto Vienybė težydi ('Lét sambandet bløma')
Nasjonaldag 16. februar
Nasjonalsong «Tautiška giesme»
Hovudstad Vilnius
Offisielle språk litauisk[1]
Flatevidd 65 300 km²
   vatn 4 % km²
Folketal 2 860 002 (1. januar 2023)[2]
Historie  
   Storfyrstedømet 1236
   Kroninga av
     Mindaugas
6. juli 1253
   Union med Polen 2. februar 1386
   Polen-Litauen 1. juli 1569
   Oppdelinga 24. oktober 1795
   Sjølvstende 16. februar 1918
   Litauisk SSR 16. juni 1940
   Sjølvstende att 11. mars 1990
Styresett Parlamentarisk republikk[3]
   President Gitanas Nausėda
   Statsminister Mindaugas Sinkevičius
BNP 70 334 299 008 US-dollar (2022)[4]
HDI 0,875 (2021)[5]
Gini 35,3 (2019)[6]
Tidssone UTC +2
   Sommartid UTC +3
Valuta Euro
ISO 3166-kode LT
Toppnivådomene .lt
Wikimedia Commons: Lithuania

Litauen,[a] offisielt Republikken Litauen,[b] er ein stat som ligg ved Austersjøen nordaust i Europa.[7][8]

Litauen er kjend frå 1009. Storfyrstedømet Litauen var eit av dei største landa i Europa på 1400-talet. Frå 1795 til 1918 var Litauen underlagt Russland. Under den fyrste verdskrigen kom området under tysk kontroll, og under tysk innverknad erklærte den 11. desember 1917 Kongedømmet Litauen seg uavhengig av Russland med hertug Wilhelm av Urach, greve av Württemberg, som konge under namnet Mindaugas II av Litauen. Litauen vart erklært som eit sjølvstendig land 16. februar 1918. Landet endra forfatning til republikk den 2. november same året. Den 15. juni 1940 vart landet okkupert av Sovjetunionen. Denne ulovlege okkupasjonen varte til august 1991.

Litauen har ei eitkamra nasjonalforsamling – Seimas – med 141 representantar som blir vald for periodar på fire år.[9] Presidenten blir vald av i direkte val for periodar på fem år. Presidenten utnemner Statsministeren som utpeiker regjeringa si som må godkjennast av nasjonalforsamlinga. Presidenten har hovudansvaret for Litauens utenrikspolitikk.

Heilt sidan sjølvstendet frå Sovjetunionen i 1991 har medlemskap i internasjonale fora stått fremst i både innanriks- og utanrikspolitikken. Litauen har vorte medlem av mellom anna Dei sameinte nasjonane (SN), Den nordatlantiske forsvarsalliansen (NATO) og Den europeiske unionen (EU - frå 1.5.2004). Litauen deltar også i Det baltiske råd og Austersjørådet.

For meir om dette emnet, sjå Litauisk geografi.

Litauen ligg i Nord-Europa ved Austersjøen som landet har ei 99 km lang sanddekt kystlinje mot. I luftlinje er berre kystlinja om lag 38 km mot havet, som er det kortaste av landa i Baltikum. Årsaka til den lange lengda er Den kuriske landtunga som strekkjer seg ut mellom Austersjøen og Den kuriske bukta. Berre eit smalt sund går mellom bukta og havet og i dette sundet ligg Klaipėda, den store isfrie hamnebyen til Litauen. Den kuriske bukta er ein grunn lagune som strekkjer seg sørover til Kaliningrad. Den største elva i Litauen, Nemunas, munnar ut i bukta. Denne, og nokre av sideelvane hennar, har noko skipstrafikk.

Landskapet i Litauen vart forma av isbreane under den siste istida. Ein har noko høgare moreneområde i vest og i aust, men ingen stader er høgare enn 300 meter over havet. Den høgaste toppen er Aukštojas på 294 meter over havet. Litauen har mange innsjøar og myrområde. Ei sone av blandingsskog dekkjer om lag 30 % av landet. I følgje ein geografiske datamodell, ligg Vilnius berre nokre få kilometer sør for det geografiske senteret i Europa.

Litauen består av følgjande historiske og kulturelle regionar:

  • Aukštaitija — som tyder 'Høglandet'
  • Samogitia (litauisk Žemaitija) — som tyder 'Låglandet'
  • Dzūkija (litauisk Dzūkija eller Dainava)
  • Sūduva (litauisk Sūduva eller Suvalkija)
  • Litlelitauen eller Prøyssisk Litauen (litauisk Mažoji Lietuva eller Prūsų Lietuva). Det meste av denne regionen ligg i Russland (Kaliningrad oblast).

Litauen grensar til følgjande land:

Sjøgrense i Austersjøen: 99 km.

Det meste av Litauen ligg berre eit par timars køyretur frå Austersjøen og har eit temperert og maritimt klima. Dei indre områda av landet, inkludert turistområda Vilnius og Trakai, har derimot større temperaturskilnadar mellom sommar og vinter. Vinteren er kald over heile landet, men kystområda er ein god del mildare enn resten av landet, og kan ha periodar med plussgrader. Sørvestlege delar av kysten er opp til 2 °C varmare enn innlandet om vinteren. Ein har snøfall med jamne mellomrom, og på kysten av og til regn. Somrane er milde, og innimellom kan ein få nokså varme dagar i juli og august. Sommaren og våren er som regel den våtaste tida på året, sjølv om det ikkje kjem dei store mengdene. Vilnius har ein årleg nedbørsnormal på 662 mm.

Litauarane har assimilert opp i seg ei rekke tidlegare baltiske folkegrupper som til dømes jotvingerane, gammelprøysserane og selerane. Av folkesetnaden i dag er 82 % litauarar, 8% russere og 6% polakkar. Under den sovjetiske okkupasjonen vart det ført ein aktiv russisk kolonialiseringspolitikk mot dei baltiske landa. 68,5 % av alle innbyggjarar bor i byar.

Landet har ingen statskyrkje, men den Den romersk-katolske kyrkja har mest oppslutnad.

Endringar i folketalet i perioden 1994-2005

[endre | endre wikiteksten]

Folketalet i Litauen har gått ned med over 200 000 dei siste ti åra. Ein reknar med at 13 % av dei yrkesaktive i landet har emigrert, fyrst og fremst for å skaffe seg betre betalte jobbar. Denne tendensen har auka kraftig i samband med EU-medlemskapen. Mange jobbar er nå ledige på grunn av utvandringa. Tabellen under viser utviklinga av folketalet ved byrjinga av kvart år i antal tusen.

199419951996199719981999200020012002200320042005
3671,33643,03615,23588,03562,33536,43512,13487,03475,63462,53445,83425,5

Største byar

[endre | endre wikiteksten]

Tal frå 1. januar 2004

  1. Vilnius: 541 082
  2. Kaunas: 368 913
  3. Klaipeda: 190187
  4. Siauliai: 131 181
  5. Panevezys: 117 593
  6. Alytus: 70 717
  7. Marijampole: 70 305
  8. Mazeikiai: 66 773
  9. Kedainiai: 65 049
  10. Telsiai: 56 735

Litauen er inndelt i 10 fylke (lit. apskritys) og 60 kommunar. Innbyggjartal i fylka frå 1. januar 2004:

  1. Alytus fylke: 184 807
  2. Kaunas fylke: 691 445
  3. Klaipeda fylke: 383 250
  4. Marijampole fylke: 186 736
  5. Panevezys fylke: 295 161
  6. Siauliai fylke: 364 076
  7. Taurage fylke: 132 729
  8. Telsiai fylke: 178 141
  9. Utena fylke: 181 113
  10. Vilnius fylke: 848 399
  1. litauisk Lietuva
  2. litauisk Lietuvos Respublika
  1. «14», Constitution of Lithuania, Wikidata Q1865054
  2. Resident population by administrative territory at the beginning of the year, State Data Agency of Lithuania, 16. januar 2023, Wikidata Q116790256, henta 12. februar 2023
  3. «Litauen» (på dansk). Den europeiske unionen. Henta 2026-08-11.
  4. . Verdsbanken https://data.worldbank.org/indicator/NY.GDP.MKTP.CD. Henta 26. august 2023. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  5. «Human Development Report». 2022.
  6. https://data.worldbank.org/indicator/SI.POV.GINI. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  7. «Litauen» i Store norske leksikon, snl.no.
  8. Jensen, Jens-Jørgen. «Litauen» (på dansk). Lex på lex.dk. Henta 2026-08-11.
  9. «Lithuania: Government and society» (på engelsk). Britannica. Henta 2026-08-11.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Litauen