Litauisk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Litauen i Europa.
Detaljert kart over Litauen

Litauisk geografi tek for seg geografien til Litauen, det største og folkerikaste landet i Baltikum. Litauen ligg mellom Latvia og Russland med ei 100 km lang sandete kystlinje mot Austersjøen i vest. Den store isfrie hamnebyen til Litauen, Klaipėda, ligg ved den smale inngangen til Den kuriske bukta, ein grunn lagune som strekkjer seg sørover til Kaliningrad. Mellom bukta og Austersjøen ligg Den kuriske landtunga der Kuršių Nerija nasjonalpark vart oppretta for å bevare dei merkverdige sanddyner.

Elva Nemunas og nokre av sideelvane hennar vert nytta som transportårer innanlands (i 2000 førte 89 innlandsskip 900 000 tonn varer, som er mindre enn 1 % av den totale godstrafikken). Litauen er skurt flatt av isbreane under den siste istida, bortsett frå moreneåsar i vest og i aust, og ingen område høgare enn 300 meter over havet. Terrenget er dominert av mange små innsjøar og myrer og ei sone med blandingsskog dekkjer om lag 30 % av landet. Vekstsesongen varer normal 169 dagar i aust og 202 dagar i vest og det meste jordbrukslandet består jord av anten sand eller leire. Kalkstein, leire, sand og grus er dei største naturressursane i Litauen, men på kontinentalsokkelen er det kanskje 1,6 millionar m³ (10 millionar tønner) med olje, og i søraust er det mogeleg store førekomstar av jernmalm og granitt. I følgje enkelte geografar er det geografiske sentrumet i Europa like nord for Vilnius, hovudstaden i Litauen.

Geografiske koordinatar: 56°00′N 24°00′EKoordinatar: 56°00′N 24°00′E

Fysisk geografi[endre | endre wikiteksten]

Politisk kart over Litauen

Litauen ligg på austkysten av Austersjøen. Grensene til landet har vorte endra fleire gonger sidan 1918, men dei har vore stabile sidan 1945. I dag dekkjer Litauen eit areal på 65 200 km², som er litt større enn Belgia, Danmark, Latvia, Nederland eller Sveits.

I nord grensar Litauen til Latvia. Dei to landa deler ei grense på 453 km. Den austlege grensa mot Kviterussland er lengre med 502 km. Grensa til Polen i sør er relativt kort, berre 91 km, men er særs travel på grunn av mykje internasjonal trafikk. Litauen har òg ei 227 km lang grense mot Russland og Kaliningrad oblast, som er den nordlege delen av det tidlegare tyske Aust-Preussen, inkludert byen Kaliningrad. Kysten mot Austersjøen består av sandstrender og furuskog som trekkjer til seg tusenvis av ferierande kvart år.

Topografi og drenasje[endre | endre wikiteksten]

Litauen ligg i utkanten av Den austeuropeiske sletta. Landskapet vart forma av isbreane under den siste istida. Terrenget i Litauen består av moderate lågland og høgland. Det høgaste punktet er 297 meter over havet og ligg i aust. Mellom høglandet i aust og høglandet i vest ligg ei svært frodig slette. Landskapet har 2 833 innsjøar større enn 10 000 m² og 1 600 mindre vatn. Dei fleste innsjøane ligg i aust. Litauen har òg 758 elvar som er lengre enn 10 km. Den største elvar er Nemunas (total lengd 917 km), som har kjelda si i Kviterussland. Andre store elvar er Neris (510 km), Venta (346 km) og Šešupė (298 km). Berre 600 km av elvane i Litauen er derimot framkommelege.

Litauen var ein gong dekt av skog, men i dag er berre 28 % att, hovudsakleg furu, gran og bjørk. Ask og eik er sjeldan å sjå. Skogane er rik på sopp og bær, i tillegg til forskjellige planter.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Det meste av Litauen ligg berre eit par timars køyretur frå Austersjøen og har eit temperert og maritimt klima. Dei indre områda av landet, inkludert turistområda Vilnius og Trakai, har derimot større temperaturskilnader mellom sommar og vinter. Vinteren er kald over heile landet, men kystområda er ein god del mildare enn resten av landet, og kan ha periodar med plussgrader. Sørvestlege delar av kysten er opp til 2 °C varmare enn innlandet om vinteren. Ein har snøfall med jamne mellomrom, og på kysten av og til regn. Somrane er milde, og innimellom kan ein få nokså varme dagar i juli og august. Sommaren og våren er som regel den våtaste tida på året, sjølv om det ikkje kjem dei store mengdene. Vilnius har ein årleg nedbørsnormal på 662 mm.

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Dei litauiske styresmaktene har oppretta fleire nasjonalparkar og reservat for å verne om miljøet. Dyre- og plantelivet i landet har lidd på grunn av drenering av landområde som vert nytta til jordbruk. Miljøproblem har oppstått på grunn av utvikling av miljøfarleg industriar, som Ignalina atomkraftverk, som framleis har to reaktorar som liknar dei i Tsjernobyl og kjemiske og andre industriar som forureinar lufta og fører avfall ut i elvane og innsjøane. I følgje utrekningar gjort av ekspertar er meir enn ein tredjedel av Litauen dekt av forureina luft til kvar tid. Problema er største i byane, som Vilnius, Kaunas, Jonava, Mažeikiai, Elektrėnai og Naujoji Akmenė, som har gjødsels- og andre kjemiske fabrikkar, oljeraffineri, kraftstasjonar og ein sementfabrikk.

Vasskvaliteten har òg hatt store problem. Kaunas, ein by med om lag 400 000 innbyggjarar hadde ikkje reinsing av vatnet sitt før i 1999 og kloakken vart send rett ut i Nemunas. Klokkhandsamingsanlegget her kom først i drift i 2007.[1] Forureininga i elvar og innsjøar er mellom anna noko av arva etter sovjetarane sin mangel på omtanke for miljøet. Den kuriske bukta er til dømes om lag 85 % forureina. Strender langs feriestadene ved Austersjøen er stadig stengd for symjing på grunn av forureining, slik som i det populære området Palanga. Skogane er påverka av sur nedbør nær Jonava, Mažeikiai og Elektrėnai, som er senter for kjemiske fabrikkar, oljeraffineri og kraftstasjonar. Litauen var av dei første tidlegare sovjetiske republikkane som innførte miljøreguleringar.

Naturfarar: Kraftige stormar, snøstorm, tørke, flaum

Miljøproblem: Forgifting av jordsmonnet og grunnvatn med petroleumsprodukt og kjemikaliar.

Miljøvernsavtalar:

  • delaktig i avtalar som omhandlar:

Klimaendringar-Kyotoavtalen, biologisk mangfald, miljøfarleg avfall, havrett, vern av ozonlaget, skipsforureining, våtmarksområde.

  • signert, men ikkje ratifisert:

Luftforureining som følgje av persistente organiske stoff

Naturressursar[endre | endre wikiteksten]

Litauen har få naturressursar, men ein god del kalkstein, leire, kvartssand, gips sand, og dolomitt, som er produkt som vert nytta til å lage sement av høg kvalitet, glas og keramikk. Det vart oppdaga olje i Litauen i 1950-åra, men berre få brønnar er operative og alle desse ligg vest i landet. Det er estimert at det er kommersielt store nok oljefelt i Austersjøen på litauisk sokkel til at det vil løne seg å hente olja opp. Dette vil derimot berre utgjere om lag 20 % av det årlege behovet for petroleumsprodukt i Litauen dei neste 20 åra. Litauen har òg ein del varmeenergi langs Austersjøen som kan utnyttast til å varme opp hundretusenvis av heimar. I tillegg er det funne jernmalm i sør.

Andre naturressursar er torv og dyrkbar mark.

Arealbruk:

  • dyrkbar mark: 35%
  • permanente avlingar: 12%
  • permanent beite: 7%
  • skogområde: 31%
  • anna: 15% (1993 est.)

Irrigerte landområde: 430 km² (1993 est.)

Areal og grenser[endre | endre wikiteksten]

Area:

  • totalt: 65 200 km²

Landegrensar:

Kystlinje: 99 km

Maritime krav:

Geografiske ytterpunkt:

  • lågaste punkt: Austersjøen 0 m
  • høgaste punkt: Aukštojas 294 m

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Litauisk geografi