Litlsjona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Litlsjona

Litlsjona er ein fjord eller eit sund i Nesna kommune i Nordland. Han ligg på sørsida av Handnesøya og strekkjer seg 15 km nordaustover til Sjona.

I sør startar fjorden på nordsida av øya Hugla. Tettstaden Nesna ligg rett aust for Hugla på sørsida av fjorden. Frå her går det ferje til Vikholmen på Hugla og Sørstranda på Handnesøya. Nord i Litlsjona går halvøya Skogsøya ut på vestsida. Innanfor denne halvøya ligg vika Skogsleira.

Fv383 går på nordsida av fjorden, medan Fylkesveg 17 går på sørsida.