Kultur i 1994

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Litteraturåret 1994)
Hopp til navigering Hopp til søk

< 1994 >

kulturår
1992 | 1993 | 1994 | 1995 |1996
Kategoriar

Kultur i 1994 er ei oversikt over hendingar, fødde og døde personlegdomar innan kulturlivet i 1994.

Film[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Moldova fekk ny nasjonalsong, «Limba noastră».

29. september blei raï-songaren Cheb Hasni drepen i Algerie, 26 år gammal, den første i ei bølgje åtak på menneske som dreiv med musikk av muslimske fundamentalistar i landet.

Green Day gav ut gjennombrotsalbumet sitt Dookie den 1. februar, som selde til diamant. Plata innleia den nye interessa for punk-rock på midten av 1990-talet.

Rockegruppa Nirvana heldt sin siste konsert den 1. mars dette året, i München. Nokre dagar seinare gjekk songaren i gruppa, Kurt Cobain, i koma etter ein overdose med rohypnol og sjampanje. I midten av mars varsla kona Courtney Love politiet at Cobain var suicidal, og dei beslaglo ammunisjon og fire skytevåpen frå heimen hans. 8. april blei Cobain funnen død etter å ha skote seg sjølv tre dagar tidlegare.

Utgjevingar:

Stele av György Kurtág, L'esprit des dunes av Tristan Murail, Concerto for Trombone av Michael Nyman, Symfoni No. 7 Angel of Light av Einojuhani Rautavaara

Døde: Kurt Cobain, Yvonne Fair, Cheb Hasni, Manos Hatzidakis, Elizabeth Maconchy, Henry Mancini, Domenico Modugno, Dinah Shore, Garnett Silk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]