Little Big

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Little Big

Aktiv2013–
Sjangerrave, pop-pønk, Hiphop
PlateselskapWarner Music Group

Little Big er eit russisk band som spelar musikk innan sjangrar som rave, hiphop, punk og pop. Bandet vart skipa i St. Petersburg i 2013 og består av Ilja Prusikin, Sonja Tajurskaja, Anton Lissov og Sergej Makarov. Gruppa er kjend for sine vulgære låtar og dristige og kontroversielle musikkvideoar.[1] Gruppa skulle ha representert Russland i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland med songen «Uno», men 18. mars 2020 avlyste EBU tevlinga på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[2][3]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Little Big debuterte 1. april 2013 med debutsingelen «Every Day I'm Drinking».[4] Dei hadde si fyrste offentlege framsyning 2. juli same år på clubbed A2, då dei opna for den sørafrikanske hiphopgruppen Die Antwoord.[5]

I 2014 gav Little Big ut sitt fyrste album og starta å turnere i Russland, resten av Europa og Nord-Amerika.[6][7]

19. desember 2015 slapp dei oppfylgjaralbumet, Funeral Rave. 21. mai 2016 vart musikkvideoen til gruppa til songen «Big Dick» kåra til den «mest trashy» videoen under Berlin Music Video Awards.[8] Videoen er full av seksuelle bilete og hint.[9] Hausten 2018 gjekk gruppa viralt med musikkvideoen til låten «Skibidi». Videoen har ein dans som vart populær då andre forsøkte å imiterte den gjennom «Skibidi Challenge».

Den russiske tv-en-kanalen Pervyj kanal kunngjorde 2. mars 2020 at Little Big skulle representere Russland i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland. Gruppa skulle ha delteke med songen «Uno». På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020, valde EBU å avlyse tevlinga for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19.[10]

Bandet driv sitt eige platemerke, kalla Little Big Family. I tillegg til seg sjølve, har dei òg band som The Hatters, Tatarka, Khleb og Lizer i stallen.[11]

Musikkstil[endre | endre wikiteksten]

Little Big har vorte svært kjende i Russland, og er kjende for sin dristige og vulgære musikkvideoar, og dei vert ofte kalla det russiske svaret på Die Antwoord.[12] Sjølv kallar Little Big seg for eit satirisk kunstprosjekt som støttar seg på musikken, det visuelle og på showet. Dei er kjende for å gjere narr av nasjonale stereotypiar om Russland. Bandet filmar og produserer alle sine musikkvideoar sjølv.

Sjølv om bandet ofte vert samanlikna med Die Antwoord, seier bandet sjølv at dei har henta inspirasjon av ei rekkje ulike musikarar – alt frå Cannibal Corpse, NOFX, Red Hot Chili Peppers, Rammstein og The Prodigy, til Mozart og Vivaldi.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • With Russia From Lóve (2014)
  • Funeral Rave (2015)
  • Antipositive, Pt. 1 (2018)
  • Antipositive, Pt. 2 (2018)

EP-ar[endre | endre wikiteksten]

  • Rave On (2017)
  • Skibidi (2019)
  • Go Bananas (2019)

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Everyday I'm Drinking» (2013)
  • «We Will Push the Button» (2013)
  • «Russian Hooligans» (2013)
  • «Life in da Trash» (2013)
  • «With Russia From Love» (2014)
  • «Dead Unicorn» (2014)
  • «Kind Inside, Hard Outside» (2015)
  • «Give Me Your Money» (med Tommy Cash) (2015)
  • «U Can Take» (med Tatarka) (2016)
  • «Lolly Bomb» (2017)
  • «Слэмятся пацаны» (med Ruki Vverh!) (2018)
  • «Rave In Peace (In Memory of Keith Flint)» (2019)
  • «I'm OK» (2019)
  • «Arriba» (med Tatarka og Clean Bandit) (2019)
  • «Rock-Paper-Scissors» (2019)
  • «Uno» (2020)
  • «Hypnodancer» (2020)
  • «Tacos» (2020)
  • «Suck My Dick 2020» (2020)
  • «Sex Machine» (2021)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «10 of the most controversial music videos ever made». Tone Deaf (på engelsk). 27. oktober 2017. Henta 3. mars 2020. 
  2. «Russia sends punk-pop-rave band Little Big to Rotterdam». eurovision.tv. 2. mars 2020. Arkivert frå originalen 2. mars 2020. Henta 2. mars 2020. 
  3. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021». Eurovoix (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  4. LITTLE BIG – Everyday I'm drinking
  5. «Ильич и Гокк (LITTLE BIG) – intervju (Тула 31.10.2014)». YouTube. Henta 3. mars 2020. 
  6. LITTLE BIG TOUR
  7. Little Big Interview i Couvre Feu 2015 – lørdag 22. august av med Radio Fest (sending på Stefline radio).
  8. Berlin Music Video Awards on facebook List of FINALISTS
  9. / «Big Dick» is the song and super NSFW video of 2016 by Jordan Freiman, Death and Taxes Magazine
  10. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst». NRK (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  11. «Community wall photos». m.vk.com. Henta 3. mars 2020. 
  12. «From Russia with love: Rave-pop act Little Big aka ‘Russian Die Antwoord’ set to shake up Eurovision». RT International (på engelsk). Henta 3. mars 2020.