Hopp til innhald

Little Cumbrae

Little Cumbrae
Lokalt namn Cumaradh Beag
Little Cumbrae sett frå Haylie Brae på fastlandet. Merk Great Cumbrae i føregrunnen til høgre og Arran bakom.
Little Cumbrae sett frå Haylie Brae på fastlandet. Merk Great Cumbrae i føregrunnen til høgre og Arran bakom.
Geografi
Little Cumbrae is located in
StadFirth of Clyde
Koordinatar55°43′N 4°57′W / 55.72°N 4.95°W / 55.72; -4.95
ØygruppeØyane i Firth of Clyde
Areal3,13 km²
Høgaste punktLighthouse Hill (123 moh.)
Administrasjon
LandSkottland
RegionNorth Ayrshire
Demografi
Folketal0

Little Cumbrae (skotsk-gælisk Cumaradh Beag) er ei øy i Firth of Clyde i North Ayrshire i Skottland. Øya vert lokalt kalla Wee Cumbrae.

Little Cumbrae ligg berre ein kilometer sør for den større naboøya, Great Cumbrae. Øyane vert i lag kalla The Cumbraes. I sterk kontrast til naboøya, som er grøn og frodig, er Little Cumbrae naken og berglendt. Med mange klipper og frambrot liknar Little Cumbrae meir på øyane i Hebridane enn dei andre øyane i Firth of Clyde.

Det ligg fleire busetnadslause øyar langs austsida av Littl Cumbrae, Castle Isle, the Broad Islands og Trail Isle.

Robert II skal ha bygd borga, Little Cumbrae Castle, på øya, som vart øydelagd av soldatane til Cromwell i 1653.[1]

Cumbrae fyr vart bygd i 1793 av Thomas Smith for Commissioners of the Northern Lights. Fyret ligg på ein brei strandvoll på vestsida av øya ut mot fjorden.

Før fyret vart bygd var det ein eldstad på toppen av Lighthouse Hill på øya. Restane etter denne strukturen er framleis synleg.

  1. «Overview of Little Cumbrae». Gazetteer for Scotland. Henta 8. februar 2010.