Little Darlin'

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Little Darlin'
Singel av The Diamonds
B-side

Faithful and True

Utgjeve 8. februar 1957
Sjanger rock, doo-wop
Lengd 2:05[1]
Selskap Mercury
Låtskrivar(ar) Maurice Williams
Little Darlin'
Song av Elvis Presley
frå albumet Moody Blue
Utgjeve 19. juli 1977
Innspelt 24. april 1977
Sjanger rock
Lengd 1:56
Selskap RCA Records
Låtskrivar(ar) Maurice Williams

«Little Darlin'» er ein amerikansk rockesong gjort kjend av The Diamonds.[2]

The Gladiolas-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Songen vart skriven av Maurice Williams med både melodi og doo-wop-akkompagnement som legg kraftig vekt på ein claves-rytme. Han vart først spelt inn for Excello Records i januar 1957 og kort tid etter som ein rhythm-and-blues-song av Williams si R&B-gruppe, The Gladiolas. Songen er kjend for eit talt vers av songaren («My Darlin' I need you...»). The Gladiolas, med Williams, kom frå Lancaster i Sør-Carolina, der dei hadde vore i lag sidan skulen. The Gladiolas-versjonen nådde 11. plassen på R&B-lista i april 1957, men kom berre så vidt inn på Hot 100. I 1959 vart gruppa til Williams «Maurice Williams and The Zodiacs» med ein rock 'n roll-R&B-hit «Stay.»

The Diamonds-versjonen[endre | endre wikiteksten]

The Diamonds-versjonen kom ut ein månad seinare. The Diamonds var frå Canada og nådde andreplassen på Billboard Hot 100, der han låg i åtte veker. Billboard rangerte denne versjonen på tredjeplassen for heile 1957.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart seinare spelt inn av Elvis Presley for det siste albumet hans, Moody Blue (1977). Rock-and-roll-revival-gruppa Sha Na Na framførte «Little Darlin'» på Woodstock-festivalen i 1969.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]