Little Inferno

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Little Inferno
Utviklar(ar)Tomorrow Corporation
Utgjevar(ar)Tomorrow Corporation
DistributørEpic Games Store, GOG.com, Humble Store, Nintendo eShop, Steam, Google Play, App Store, itch.io
Produsent(ar)Kyle Gabler
Komponist(ar)Kyle Gabler
Plattform(er)Wii U, Microsoft Windows, OS X, Linux, Nintendo Switch
UtgjevingWii U
NA: 18. november 2012
EU: 30. november 2012
Microsoft Windows
19. november 2012
Nintendo Switch
NA: 16. mars 2017
EU: 23. mars 2017
SjangerHjernetrim
SpelemodusEinspelar
Nettstadhttp://tomorrowcorporation.com/littleinferno

Little Inferno er eit hjernetrimspel utvikla og utgjeve av Tomorrow Corporation. Spelet kom først ut på Wii U i november 2012, og seinare til Microsoft Windows, OS X, Linux, Android, iOS og Nintendo Switch.[1]

Little Inferno går føre seg framanfor ein eldstad, der spelaren kan sette fyr på ulike ting, som leiker, dokker og elektronikk. Spelet oppmodar spelaren til å brenne ulike kombinasjonar av tinga for å sjå korleis dei reagerer når dei tek fyr, ettersom dei fleste tinga har unike eigenskapar. Little Inferno var designa som ein satire over liknande dataspel, der spelaren bruker mykje tid på å gjere einsformige handlingar.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne dataspelartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.