Little Lies

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Little Lies
Singel av Fleetwood Mac
frå albumet Tango in the Night
B-side «Ricky»
Utgjeve 29. august 1987
Innspelt 1986
Sjanger New wave, poprock
Lengd 3:38
Selskap Warner Bros.
Låtskrivar(ar) Christine McVie, Eddy Quintela
Produsent Lindsey Buckingham, Richard Dashut
Fleetwood Mac-kronologi
«Seven Wonders»
(1987)
Little Lies «Family Man»
(1987 UK)

«Everywhere»
(1987 USA)


«Little Lies» er ein song av det engelsk-amerikanske rockebandet Fleetwood Mac. Han var den tredje singelen frå albumet Tango in the Night. Fram til 2015 har dette vore den siste singelen deira som nådde topp 10 i USA.

Songen vart skriven av klaverspelaren og vokalisten i bandet, Christine McVie og den dåverande ektemannen hennar, Eddy Quintela. Då songen kom ut nådde han fjerdeplassen på Billboard Hot 100 i i USA (førsteplassen på adult contemporary-lista) og femteplassen på UK Singles Chart. Han vert framleis mykje spelt på radio som ein klassisk hit frå slutten av 1980-åra, i lag med «Everywhere», som kom ut eit år seinare. Musikkvideoen til songen vart filma på ein gard, kring gamle bygningar og jorde.

Teksten handlarom om at songaren heller ønskjer å høyre «små løgner» enn den ulukkelege sanninga frå kjærasten sin.

Singelen vart òg gjeven ut på 12-tommarsformat med ein lengre dance-versjon, ein dub-versjon og B-sida «Ricky». Sistnemnde vart ikkje gjeven ut på albumet og vart skriven av Christine McVie og Lindsey Buckingham. Det vart òg gjeven ut ei avgrensa 12-tommars biletplate i Storbritannia, og det vart den første Fleetwood Mac-singelen som vart gjeven ut på kassettsingel-formatet.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

12" US single (Warner Brothers Records 0-20761)

  1. «Little Lies» (Extended Version) 6:07
  2. «Little Lies» (Dub) 4:04
  3. «Ricky» 4:21

Versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • 7-tommarssingel- og albumversjonen (3:38)
  • Extended 12" Version (6:07) - remixa av John «Jellybean» Benitez
  • Dub Version (4:04) - remixa av John «Jellybean» Benitez
  • Konsertopptak frå CD-singelen «Skies the Limit» (1990) (henta frå konsertvideofilmen Tango In The Night, som vart filma i 1987)

Lister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
Australian Kent Music Report[1] 16
Austerrike[2] 21
Belgia (Flandern) [3] 14
Canadian RPM Top 100 Singlar[4] 13
Canadian RPM Adult Contemporary[5] 2
Nederland[6] 10
Irish Singles Chart [7] 4
New Zealand[8] 9
Sveits[9] 3
UK Singles Chart[10] 5
US Billboard Hot 100[11] 4
US Billboard Adult Contemporary[11] 1
US Billboard Mainstream Rock[11] 14
Vest-Tyskland[12] 3

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1987) Plassering
Australian Kent Music Report[1] 85
Canadian RPM Top 100 Singlar[13] 89
US Billboard Top Pop Singlar[14] 51
US Billboard Top AC Singlar[14] 28

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  2. «austriancharts.at Fleetwood Mac – «Little Lies"» (ASP). Hung Medien (på tysk). Henta 12. august 2015. 
  3. «ultratop.be Fleetwood Mac – «Little Lies"» (ASP). Hung Medien (på nederlandsk). Ultratop. Henta 12. august 2015. 
  4. «Top Singlar - Volume 47, No. 7». RPM. 21 November 1987. Henta 12. august 2015. 
  5. «Adult Contemporary - Volume 47, No. 7». RPM. 21 November 1987. Henta 12. august 2015. 
  6. «dutchcharts.nl Fleetwood Mac – «Little Lies"» (ASP). Hung Medien. MegaCharts. Henta 12. august 2015. 
  7. «Search the Charts» (enter «Fleetwood Mac» into the «Search by Artist» box, then select «Search"). Irish Recorded Music Association. Henta 3 May 2010. 
  8. «charts.org.nz Fleetwood Mac – «Little Lies"» (ASP). Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Henta 12. august 2015. 
  9. «Fleetwood Mac – «Little Lies» – hitparade.ch» (ASP). Hung Medien (på tysk). Swiss Music Charts. Henta 12. august 2015. 
  10. «Fleetwood Mac > Artists > Official Charts». UK Album Chart. Henta 12. august 2015. 
  11. 11,0 11,1 11,2 «Allmusic: Tango in the Night: Charts & Awards». allmusic.com. Henta 2 March 2014. 
  12. «Single Search: Fleetwood Mac – «Little Lies"» (på tysk). Media Control. Henta 20 February 2013. 
  13. «Top Singlar - Volume 47, No. 12; Top 100 Single of 1987». RPM. 26 desember 1987. Henta 12. august 2015. 
  14. 14,0 14,1 Nielsen Business Media, Inc (26 desember 1987). Billboard Magazine – Year End Charts – Year-end Charts of 1987. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]