Little Richard's Greatest Hits

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Greatest Hits
Studioalbum av Little Richard
Utgjeve 1965
Innspelt November og desember 1964 i Nashville og New York City.
Sjanger Rock 'n' Roll
Lengd 27:54
Selskap Vee-Jay Records
Produsent Joe Fields, Olsie Richard Robinson
Little Richard-kronologi
Little Richard Is Back (And There's A Whole Lotta Shakin' Goin' On!)
(1964)
Greatest Hits The Incredible Little Richard Sings His Greatest Hits - Live!
(1966)


Great Hits (eller His Greatest His) er eit album av Little Richard frå 1964 der han spelte inn att fleire av songane sine på ny. Det kom ut på Vee-Jay Records i 1965. Det består av oppdaterte versjonar av tolv av dei mest kjende songane hans frå 1950-åra.[1] Somme av nyinnspelingane nyttar forskjellige musikalske arrangement, med uvanleg synkopering, tamburin og jazz-blåsarar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Little Richard spelte inn 46 songar for Vee-Jay Records, men nesten halvparten av dei kom aldri ut, då selskapet gjekk konkurs i januar 1966. Etter kvart vart dei gjevne ut på forskjellige album som Mr. Big (1971), Friends from the Beginning - Little Richard and Jimi Hendrix (1972), Rip It Up (1973) og Talkin' 'Bout Soul (1974).

Jimi Hendrix er kjend for å ha spelt gitar på somme av songane og Eskew Reeder (òg kjend som Esquerita) spelte piano på minst ni av songane.[2][3]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

I følgje biografiforfattaren til Little Richard, Charles White, vart innspelingane og den sjølvparodiske personlegdomen til Richard på denne tida rekna som eit botnpunkt i karrieren hans «blinda av kommersielle omsyn, skunda Vee-Jay seg med å få i stand innspelinga utan omsyn til kvalitet. Resultatet vart forferdeleg.»[4] AllMusic-skribenten William Ruhlmann skreiv «Little Richard har ei mykje røffare røyst enn då han song originalane, men han er framleis ein energisk artist. Berre ikkje kjøp dette albumet om du trur du får hitversjonane av desse songane!»[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Good Golly, Miss Molly» (John Marascalco, Robert Blackwell) 2:07
2. «Baby Face» (Bert Kalmar, Harry Ruby, Ron Buzzel) 2:33
3. «Tutti Frutti» (Dorothy LaBostrie, Richard Penniman) 2:24
4. «Send Me Some Lovin'» (John Marascalco, Leo Price) 2:19
5. «The Girl Can't Help It»   3:02
6. «Lucille» (Albert Collins, Richard Penniman) 2:16
Side to
# Tittel Lengd
7. «Slippin' and Slidin'» (Richard Penniman) 2:26
8. «Keep A Knockin'» (Richard Penniman) 2:15
9. «Rip It Up» (John Marascalco, Robert Blackwell) 2:02
10. «She's Got It» (John Marascalco, Richard Penniman) 2:11
11. «Ooh! My Soul» (Richard Penniman) 2:17
12. «Long Tall Sally» (Earl Johnson, Robert Blackwell, Richard Penniman) 2:03

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Ruhlmann, William. «Little Richard: His Greatest Hits [Vee-Jay] – Review». AllMusic. Rovi Corp. Henta September 30, 2014. 
  2. McDermott, John (2010). West Coast Seattle Boy: The Jimi Hendrix Anthology (CD set booklet). Jimi Hendrix and Esquerita. Legacy. s. 7. 88697769272. 
  3. Shapiro, Harry; Glebbeek, Cesar (1990). Jimi Hendrix: Electric Gypsy. St. Martin's Press. s. 574–575. ISBN 0-312-05861-6. 
  4. White, Charles (2003). The Life and Times of Little Richard: The Authorised Biography. Omnibus Press. s. 127.