Little Sheila

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Little Sheila
Singel av Slade
frå albumet Rogues Gallery
B-side
Språk engelsk
Utgjeve April 1985
Sjanger Elektronisk rock
Lengd 3:56
Selskap RCA
Komponist Noddy Holder, Jim Lea
Tekstforfattar Noddy Holder, Jim Lea
Låtskrivar(ar) Noddy Holder, Jim Lea
Produsent John Punter (A-side), Jim Lea (B-sides)
Slade-kronologi 
«Myzsterious Mizster Jones»
(1985)
Little Sheila «Do You Believe in Miracles»
(1985)


«Little Sheila» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1985 som den fjerde og siste singelen frå det tolvte studioalbumet deira Rogues Gallery. Han kom ut i Nord-Amerika og Tyskland, og var den einaste singelen som kom ut frå albumet i Nord-AMerika. Songen var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av John Punter.[1]

Då songen kom ut i april 1985 vart han spelt ein god del på radio. Det vart òg laga ein musikkvideo til songen, regissert av Phillip Davey, men fekk elles lite marknadsføring frå CBS.[2] Singelen nådde 86. plassen på Billboard Hot 100, og nådde 13. plassen på Mainstream Rock-lista. I Canada nådde songen 50. plassen. Det vart den siste singelen til Slade som gjekk inn på den amerikanske singellista.[3]

CBS-utgåva av singelen hadde «Lock Up Your Daughters» som B-side, henta frå albumet Till Deaf Do Us Part frå 1981, og i tillegg utgjeven på CBS-utgåva av Rogues Gallery.[4] I Tyskland vart eit albumspor frå Rogues Gallery, «Time to Rock», gjeven ut som B-side.[5] Ein tysk 12"-vinyl vart òg gjeven ut med ein lengre versjon av «Little Sheila» som A-side.[6]

Format[endre | endre wikiteksten]

7"-singel (CBS-utgåve)
  1. «Little Sheila» - 3:56
  2. «Lock Up Your Daughters» - 3:28
7"-singel (CBS-promoutgåve)
  1. «Little Sheila» - 3:56
  2. «Little Sheila» - 3:56
12"-singel (CBS-promoutgåve)
  1. «Little Sheila» - 3:56
  2. «Little Sheila» - 3:56
7"-singel (RCA tysk utgåve)
  1. «Little Sheila» - 3:54
  2. «Time to Rock» - 4:08
12"-singel (RCA tysk utgåve)
  1. «Little Sheila (Extended Version)» - 4:31
  2. «Time to Rock» - 4:08

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1985) Plassering
Canadian Singles Chart[7] 50
U.S. Billboard Hot 100[3] 86
U.S. Mainstream Rock Chart[3][8] 13

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Slade
Andre medverkande
  • John Punter - produsent på «Little Sheila»
  • Image Bank - fotografi på RCA-omslaget
  • Mainartery - design av RCA-omslaget

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Slade - Rogues Gallery at Discogs». Discogs.com. Henta 20. oktober 2021. 
  2. D'Agostino, G. (2001). Glam Musik: British Glam Music '70 History. iUniverse. s. 52. ISBN 9781475909265. Henta 18. november 2014. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Slade - Chart history». Billboard. Henta 13. oktober 2021. 
  4. «Slade - Till Deaf Do Us Part at Discogs». Discogs.com. Henta 20. oktober 2021. 
  5. «Slade - Little Sheila / Time To Rock - RCA - Tyskland - PB 40329». 45cat. 24. mai 2013. Henta 20. oktober 2021. 
  6. «Slade - Little Sheila (Vinyl) at Discogs». Discogs.com. Henta 20. oktober 2021. 
  7. «Results: RPM Weekly - Library and Archives Canada». Bac-lac.gc.ca. Henta 13. oktober 2021. 
  8. Whitburn, Joel (1996). Rock Tracks 1981-1995. Record Research Inc. s. 117. ISBN 978-0898201147.