Litunet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Litunet er eit særprega gardstun

Litunet er ei avdeling under Ryfylkemuseet. Garden Li ligg i Suldal kommune, høgt oppe i lia på sørsida av Hylsfjorden, kring 285 meter over havet. Det særprega tunet med dei mange gamle bygningane blei freda av Riksantikvaren i 1973.

I 2009 kom garden i offentleg eige. Då kjøpte Rogaland fylkeskommune og Suldal kommune garden. Ryfylkemuseet har fått ansvar for forvalting av Litunet.

Dette er den største tilveksten av bygningar og gjenstandar museet har teke imot. I gardstunet er det 13 bygningar frå 1700- og 1800-talet, og dei rommar mykje gammalt gjenstandsmateriale. Landskapet er eit karakteristisk vestlandsk kulturlandskap med små åkerlappar, steingjerde og rydningsrøyser.

Det budde folk på Li like til 2010 , men gardsdrifta vart avvikla fleire år før det.

Li fekk vegutløysing i 1972. Før den tid skjedde tilkomsten anten med båt på Hylsfjorden og så gå opp den bratte vegen frå fjorden til gards, eller ved å gå frå Suldal via Tveitane.

Tilkomsten skjer med bil frå Suldal. Ein må følgja skilta frå riksveg 13 mot Valskår.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]