Liu Yandong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Liu Yandong

Verkeleg namn kinesisk skrift 刘延东, pinyin Liú Yándōng
Statsborgarskap Folkerepublikken Kina
Fødd 22. november 1945 (78 år)
Chuzhou
Yrke politikar, kjemikar
Politisk parti Kinas kommunistparti
Liu Yandong på Commons

Liu Yandong (fødd i 1945) er ein kinesisk kommunistisk politikar. Ho blei medlem av politbyrået for det kinesiske kommunistpartiet i 2007 og gjenvald i 2012. I 2008 blei ho også medlem av regjeringa, som statsråd.

Liu Yandong vart føddi Nantong i provinsen Jiangsu i den dåverande Republikken Kina. Far hennar, Liu Ruilong, var med på å grunnleggja den 14. raude armeen, ein tidleg kommunistisk militsstyrke. Han blei seinare kinesisk jordbruksminister.[1]

Liu blei medlem i kommunispartiet då ho var 19.[2]

Ho studerte ved det prestisjerike Tsinghua-universitetet i Beijing gjennom Kulturrevolusjonen, og gjekk ut i 1970 med ein grad i kjemi. Deretter arbeidde ho ved ein kjemisk fabrikk i Tangshan i Nordaust-Kina. I 1980 blei ho overført til Beijing, der ho arbeidde for kommunistpartiet, og i 1981 blei ho utnemnd til visesekretær for partiet i Chaoyang-distriktet der. I 1982 byrja ho arbeida i Kinas kommunistiske ungdomsliga, der kollegaer var Wang Zhaoguo, Hu Jintao og Song Defu. I løpet av 1980-åra blei ho gift med Yang Yuanxing, og paret fekk ei dotter.

I mars 1991 blei ho generalsekretær for Den sentrale avdelinga for eningsfronten i partiet. Medan ho arbeidde tokho master- og doktorgrad ved Renminuniversitetet og Jilinuniversitetet.

I mars 2002 blei ho vald til viseformann for Det kinesiske folks politisk konsultative konferanse. I november 2007 blei Liu medlem av politbyrået, som einaste kvinne av 25 medlemmer. I 2008 blei ho vald inn i det kinesiske statsrådet. I 2012 blei ho gjenvald til politbyrået, og nokre månader seinareblei ho vald til viseministerpresident av andre rang med ansvar for utdanning, helse og idrett.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «China faces to watch: Liu Yandong». BBC News. 5. mars 2012. 
  2. Malcolm Moore (11. april 2012). «Demise of Bo Xilai paves way for Liu Yandong, China's most powerful woman». The Telegraph. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]