Liv Grannes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Liv Grannes, fullt namn Liv Elisabet Grannes (28. juni 191830. november 2004), var ei norsk motstandskvinne under andre verdskrigen

Liv Grannes vart fødd i Mosjøen i 1918. Faren var lærar og organist Jørgen Albert Grannes, mora var Emelie Anette f. Vedde.[1] Liv Grannes tok eksamen artium ved Orkdal landsgymnas i 1938, og i 1940 vart ho tilsett som kontordame ved politikammeret i Mosjøen.

Som kvinne ved politikammeret hadde ho eineståande høve til å gi bistand til motstandsarbeidet under den andre verdskrigen. Frå våren 1941 var ho fast agent for britane i Special Operations Executive, SOE, som dreiv motstandsarbeid på Helgeland. Mykje av arbeidet var knytt til planlegging av ein britisk landgang på Helgeland. Frå 1942 vart dette arbeidet leidd av Birger Sjøberg. Etter Majavasstragedien måtte ho i 1942 flykte til Sverige og vidare til England. Her heldt ho fram motstandsarbeidet. I London vart ho i 1944 gift med Birger Sjøberg.[2]

I 1946 vart Liv Sjøberg, som ho då heitte, dekorert med Georgs medalje av den britske ambassadøren i Oslo. Liv Sjøberg vart i 1958 gift med justisminister Jens Christian Hauge.

Ho døydde i Oslo i 2004. Liv Grannes' veg på Andås i Vefsn er oppkalla etter henne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Klokkerbok Mosjøen nr. 820C05, 1917-1952, s. 4
  2. Liv Hauge: Kvinnene i krig, i Spor etter Mødrene (Mosjøen 1996)